tirsdag 21. september 2021

”Sol, vind och vatten”

Hjelp!
Eg har drista meg til å reisa til utlandet!



Etter å ha talt på alle dei knappar som fanst, spurt folk rundt meg, sjekka smittekart og kjent etter inni meg, bestemte eg meg for å reisa heilt til utenlandet.
Me snakkar om Danmark. 
Kanskje ikkje heilt utlandet utlandet - me snakkar då nesten same språket.



Men jammen måtte eg syna pass ved avgang Norge. 


Ved ankomst Falster var all frykt for å reisa rundt med smittestoff vekke. 

Her er det "Sol, vind og vatten" som salige Ted Gärdestad song. 
I alle fall vind og vatn. 



At eg skulle greia å verta "høgdesjuk" i Danmark, hadde eg aldri forestilt meg. 
Men ein tur til Møns Klint, har endra dette fullstendig. 
I fygje Wikipedia, vart Møns klint danna for 75 millionar år sidan og består av kritt, danna av skallet til mikroskopiske algar som fanst i havet.
Dette er den høgaste klippeveggen i Danmark og strekkjer seg over 6 km og har ei høgde på 128 meter. 



I denne samanheng, følte eg at det var VELDIG høgt. Forstå det den som kan.






Dansk er for så vidt eit språk eg forstår, men ikkje alltid. 
Uansett, det finst mange herlege namn og mange med "køb" i seg. 

Då vil eg nemna det aldeles nydelege namnet på byen Stubbekøbing. 
Kan det bli betre?  
Og når ein i tillegg får reisa dit med ei treferje bygd i Sage i 1952 med semidiesel motor, ja nærare himmelen skal det godt gjerast å koma i Danmark! 




















Ein tur på stranda før kvelden og innta min nye tittel: Strumpfstrickerin

Og neste dag ein ny dag med nye planar

(og når eg snakkar med meg sjølv, er det no på tysk - i Danmark.)





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar