torsdag 2. september 2021

"Vår vidunderlige verden"

Undervegs på min veg gjennom Norge, har det dukka opp fenomen eg har stussa over. 

Og på veg attende frå hyttetur med syster mi (forrige innlegg) dukka dette fenomenet opp. 
Ein okse, kryssa med vær? 
Ved fyrste augnekast, ser det slik ut. 




Ein merkverdig variant. Også i fleire kulørar.
Rett ved, beita det nemleg ein variant i beige og kvitt.
Kva heiter typen?
Mutasjon?
Eit ørlite søk på verdsveven gav utslag. Dette er fe av rasen Belted Galloway
Frå Skottland. 

Og frå Skottland kjem også
Skotsk høylandsfe.
Desse har vore synlege her i landet dei seinare åra. Sommar som vinter.
Norsk kvegdrift er i endring.  

Eg greier ikkje fri meg frå å tykkja desse dyra er fascinerande.
Dei er "annleisingar"

Det må alltid vera plass til annleisingar.
Også i dyreverda. 

Meir kjende er disse krabatane her.
Ingenting kan slå gleda det er å sjå og høyra sau og lam når dei kjem ut på bakkane om våren.

Dei bjøllar meg i søvn og dei brekar meg våken.
Dei  hoppar og sprett og spring i flokk.
Makan til frihetskjensle!

Det er som då eg fekk å ta på meg tennisane etter påske 




Og korleis havna desse kampesteinane akkurat her?

Har trolla frå eventyra, kjempa på liv og død og kasta rundt seg?

Terrenget rundt innber lite til noko ras av vesentleg storleik. Så her er det nok troll eller dei underjordiske som har vore på ferde. 



Og til slutt set punktum me denne formasjonen.

Før turen går inn i skoddeheimen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar