Syster mi og eg hadde lenge lenge snakka om at me skulle ta oss ein tur til hytta hennar. Men av årsaker me alle no etterkvart kjenner altfor godt til, har dette vorte utsett og utsett.
Men endeleg - etter
at me begge hadde tatt korona-test, var me klare for hyttetur.
Storasysto mi og eg.
Dette er no langt på veg historie (april 2021), men eg ynskjer likevel å tasta ned nokre ord.
Det
medfører ein god del tid i bil, for å nå fram til den utruleg
koselege hytta som syster mi og mannen hennar har bygd seg. Men eg
var heldig, og fekk låna ein bil som får bu i min tomme
garasje, medan eigarane bur i London.
Jondal,
Folgefonntunellen, Røldal, Haukelid og Setesdalen.
Etter 5-6
timar var eg framme – og det same var syster mi, som kom frå den
andre sida av landet.
Midt oppi skogen ligg det super hyggjelege lafta hytta Arnestaden
Eit namn som høver godt til roen som fyller meg i det same eg stansar bilen.
Så her det berre å skrella av seg tida og ta inn stillheten.
Er me nordmenn litt sære i samband med fenomenet "hyttetur"?
Uansett
er det ei boble med lov til å både eta og drikka godsaker ein ikkje
tek inn sånn til dagleg. Og denne delen av hyttekosen, var godt
planlagt.
Så det var ingen ting å venta på.
Arnestaden ligg i eit område full av familiær historikk. Forfedrane til svogeren min, kjem frå dette området og me bestemte oss for å gå i nokre spor som nesten var attgrodde. Her bygde tippoldeokelen eller noko slikt, opp eit lite bruk. Og noko av husa står framleis. Kva budde i det vesle fjøset for 150 år sidan? Var det sauer eller kyr. Eller geiter?
Syster
mi har særdeles god fantasi. Det skal ho ha. Og etter ein nydeleg
kvil i sola var tida inne for å gå attede til Arnestaden. Det var ein
liten bris i lufta, som i løpet av den tida me sat der i sola hadde
auka så pass at den tok tak i bølgeblikken på løetaket. Og syster
mi tolka dette dit hen at her var det folk i løa. Tenk om osv.!! Og
eg fylgde opp og dura bort til døra som hang på halv åtte. Det var
ikkje vanskeleg å opna ho og eg ropa inn; Hallo! Hallo!
Stille
som i grava.
Fram med kinasjakk og Yatzy.
To netter i freden og roen.
Tusen takk til syster mi for at me fekk det til.
Og vel verd ein lang køyretur gjennom vakker og mangfaldig natur.



For ei fin forteljing! Og systre er topp <3 Klem frå Merethe
SvarSlettTusen takk!
SvarSlett(Og no har eg retta nokre småfeil også....)
Tusen takk for turen Inger!! Undervegs las eg dine velskrivne tankar, ord og gjerningar på og mellom linjene med stor inlevnad. Fornemmelsen du formidla av hytta sine lukter, lydar, lys og varme førte meg attende til uforgløymelege hytteminner frå hytta vår på Kvamskogen. Takk fø da Inger!!! Nyt alt og alle du møter på denne di reis. Kos deko. Hels systerene!!!!
SvarSlettTusen takk for det!
SvarSlett