September og ferietid - kor går vegen?
Det var det nesten ingen som visste.
Heller ikkje eg.
Men brått var Inger og Inger ombord på Fjordline.
Heller ikkje eg.
Men brått var Inger og Inger ombord på Fjordline.
Me var på dagscruise.
Sjøen var totalt flat og været synte seg frå si aller beste side.
Begge to angra ein augneblink på at me ikkje skulle fylgja med vidare etter Stavanger.
Sjøen var totalt flat og været synte seg frå si aller beste side.
Begge to angra ein augneblink på at me ikkje skulle fylgja med vidare etter Stavanger.

'Er me ikkje snart på Sletto' spurde eg etter nokre gode timar på toppdekk 10.
Inger 2 som er litt meir kjend i farvtnet enn eg, kunne då stadfesta at me var komne over. Slik har eg aldri opplevd Sletto før. Trur eg.
Me fekk nyta enno litt tid med vakker utsikt før me vandra i land i Risavika. Der var det berre å kasta seg på Kolumbuss inn til rutebilstasjonen - eit raust steinkast frå Thon hotel Maritim, kor me fekk eit kjekkt rom med utsikt over Breiavatnet.
Etter ein aldeles utsøkt frukost neste morgon, som både vara og rakk, kom min gode ven Per og henta oss i RAV'en sin.
Svein Tang Wa som etter å ha håva iland ein mengde makrell saman med gode vener, gjekk til sengs for aldri å vakna meir.
Ein stor bonus for turen var at Sogdalsstrand, absolutt var verd eit besøk i seg sjølv.
Per ville gjerne syna oss meir av dette vakre og spennande området.
Takk til Titan!!
(Om mitt titan kjem herifrå, er eg ikkje sikker på, men likevel)
Og rett over fjorden, gøymer det seg ein skatt kjend over heile verda; husa under helleren.
No med stygge sår i naturen på alle kantar.
Slik såg det definitivt ikkje ut då eg var der på midten av 1980-talet. Kva har skjedd? Husa står men det var skikkeleg "rosje" rundt.
Kvelden vart avslutta i godt selskap med god prat og god mat.
Vy.
Ein kan sei mykje om namnet Vy og alt det der.
Men at dei kan definitivt driva buss-selskap. Bussen kom punktlig og ein superhyggjeleg sjåfør viste oss opp i 2. etasje.
Ein nydeleg tur tvers over Norge, med reisemål Tønsberg og vidare til Sissel sitt paradis, Hvasser.
Ein uforgløymeleg kveldshimmel møtte meg på endemålet.

Slik lever dei der.
Jøye meg for ein plass.
Bading kvar dag, fantastisk båttur, kreps, gode samtalar med særdeles hyggjeleg selskap.
Det er heilt ok å befinna seg på grensa til Verdens Ende
Jøye meg for ein plass.
Bading kvar dag, fantastisk båttur, kreps, gode samtalar med særdeles hyggjeleg selskap.
Det er heilt ok å befinna seg på grensa til Verdens Ende

Takk for at eg i mi stova fekk ve’me’ deg ut på denne flotte ferieturen via dine fotografiske blinkskot, dine tankar, velskrevne ord og gjerningar.
SvarSlett