mandag 12. april 2021

Vårens vakraste eventyr - eller ikkje

 
Så er tida her igjen.
Skattemeldinga skal leverast.
Og for oss med pittesmå enkeltmannsforetak, er det ein lottokupong som ventar når me klikkar oss inn på dei ulike skjema.

I alle fall for meg personleg. Det er like uforståeleg same kor lett det skal vera.
Eg kan ikkje språket - og ikkje forstår eg det dei forklarar når eg klikkar på spørsmålsteiknet. 
Her er det berre å håpa på at ein klikkar på det rette - og la det stå til.


Derfor er det med lette eg sender inn i håp om at eg har ført opp rett inntekt og utgift på mitt pitte lille enkeltmannsforetak.

Men i det same eg sende signatur (ja, det stod det, men eg skreiv ingen ting) kom eg på noko viktig eg hadde gløymt å føra opp i den skattemeldinga som gjeld meg som vanleg lønsmottakar.
Eg gjekk inn att på skatteetaten.no  og klikka på "sjå og endre skattemelding". Her dukka det kun opp ein PDF av skjemaet eg akkurat hadde sendt inn. Og som kjent, pdf'ar kan ikkje endrast. Det er vel litt av poenget, eller? Kan eg ha tatt feil, tru? 

Eg loggar meg inn att - og har til hensikt å lasta ned pdf'en for å sjekka om det går an å endra den.
Men alt eg får er feilmelding - prøv att seinare.

Så prøver eg å ringja. 
Tast 1, tast 1, tast ?? Og til slutt;  der er det 36 minuttars ventetid.

Så prøver eg robot-chat, men hen forstår ikkje kva eg "seier".

Det står ein stad at eg kan få hjelp på Facebook mellom kl 09 - 15.
Så eg leitar opp Skatteetaten der.
Festeleg animasjon. 
Men ingen meldingsboks? Kun offentleg innlegg? 
Ellers tusen takk!

Eg prøver å få booka ein avtale med det lokale Skattekontoret. Men det er ikkje mogeleg lenger. Kun om eg skal utføra noko som krev personleg frammøte.
MITT PROBLEM KREV PERSONLEG FRAMMØTE - for eg treng personleg veiledning til å fylla inn gløymt post.

Eg gjev opp. I alle fall nesten.

Men endeleg, der finn eg eit skjema som eg kan skriva i! 
Og der sender eg spørsmål om korleis eg kan gå inn å leggja til det eg har gløymt.
Får eg svar innan fristen, tru?

Du verda kor enkelt alt har blitt!!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar