søndag 7. februar 2021

Gje meg handa di ven





(Bilde: Hendene til mor mi og far min, ei jul for lenge sidan. ) 


Eg er ein klemmar. Og ein leiar. Og ein arm i arm'ar Og i disse tider er det vanskeleg å få til akkurat disse versjonane av nærkontakt. I alle fall dersom ein bur aleina. Eg har litt abstinens.







Nyheitene melder om det eine utbrotet etter det andre. Likevel - brått og heilt uventa, dukkar det opp innslag med klemming. I beste sendetid på NRK.

Det var klemming på Stortinget Og det var klemming på sjukeheimar. Opptur!!

Vidare kom det meldingar om vaksinering utan bivirkningar.

Me såg ljoset. Verkeleg.

Endeleg skimta me slutten på denne situasjonen me for så vidt har vendt oss til, men har behov til å få ein slutt på..


BÆNG!

Mutert virus i Hardanger.

I britisk variant, og muligens sør-afrikansk. Og like etter - dette viruset har funne vegen hit. Til min heimkommune. Til mi bygd,

Her er det berre å halda fingrane tå fatet

Og fatta mot.


Meldingane tikkar inn.
Samfunnet rundt meg og oss snurpar seg inn.
Usikkerheita og utryggheita aukar.




Då er det godt å ha ho El-frid.
Ho har fått piggdekk til jul og føret er sånn nokolunde.
Ho er ikkje så glad i klink is, men fint vinterføre taklar ho heilt supert.
Og i dag er det fint vinterføre og sola skin.
Eg hive meg på trøene og om ikkje akkurat susar avgårde, så går det på fram.


Bilder talar meir enn ord.
Ynskjer alle det beste 






3 kommentarer:

  1. Fint ute! Om du er inne, kan du høyra eit litterært foredrag i 43 minutt med Linn Ullmann om det siste året. Eg likte det :)
    NB! Foredraget er berre mogleg å spela til og med tysdag 16. februar.
    https://www.youtube.com/channel/UCLw5btG47r7U2OYlrCP4SMw

    SvarSlett