Eg har vore ute i kald vær før. Vinteren 1980 var eg innom Nord Dakota.
Det var vinter og gradstokken synte i Fahrenheit. Omrekna til Celcius, vart det cirka minus 40 nokre dagar medan eg var der.
Det kjendest ikkje så gale ut den gongen.
Ei av slektningane mine og eg, tok oss til og med ein ridetur på prærien.
Hugsar at eg var litt hjulbeint etter rideturen, men ellers ikkje synleg prega av kulden.
I dag hadde me minus 12 i Grova (Norheimsund sentrum) og det var deilig kaldt.
Ikkje særleg prega i dag heller, anna enn ei raud nase.
På Kvamskogen viste gradestokken minus 22.
Så pass kan eg ikkje hugsa å ha sett det på disse kantar tidlegare.
Verda vert så vakker med det blåkvite laget av snø. Og det kjennest mest som om ein kan sjå kulden også.

Eg er glad i alle årstider.
Men trur kanskje at vinteren ligg ør litt framfor. I alle fall når det endeleg er ein tørr og skikkeleg kald vinter.
Eg pakkar meg inn. Kler på meg ull som ein lauk. Lag på lag.
Eg fyrer i omnen og kveikjer ljos. Det knirkar under skoa når me går tur og det er is på vatnet slik at me kan skeissa.
Det som også har kome fram i ljoset, eller mørkret, denne vinteren, er det gode, gamle skiutstyret mitt.
For første gong på over 10 år.
At det har stått i kjellaren så pass lenge, har ulike årsaker. Men operasjonar i diverse ledd, er vel den mest truverdige årsaka.
Fleire turar har det vorte. Og det på kveldstid. Med hovelykt.
Ein kveld var me ikkje heime før klokka 23:00
Det gjekk kjempefint!
Kunne framleis både ploga, svinga og å gå fiskebein.
Me har vore ute ein vinterdag og natt før
Så var det dette med vinterdagar då.
Ein kveld var me ikkje heime før klokka 23:00
Det gjekk kjempefint!
Kunne framleis både ploga, svinga og å gå fiskebein.
Me har vore ute ein vinterdag og natt før
Så var det dette med vinterdagar då.
Og netter.
Dette året me har lagt bak oss (og har føre oss?), er den hardaste "vinterdagen" me har vore ute i på lenge.
Reint personleg på 5 år.
Og me står han vel av denne gongen også.
Me må stola på ekspertisen.
Dette året me har lagt bak oss (og har føre oss?), er den hardaste "vinterdagen" me har vore ute i på lenge.
Reint personleg på 5 år.
Og me står han vel av denne gongen også.
Me må stola på ekspertisen.
Det er den draumen me ber på.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar