Eg har aldri gitt meg ut for å vera noko filmanmeldar.
Og heller ikkje no.Men etter å ha sett den japanske filmen
Under Kirsebærtrærne
fekk eg eit intenst behov for å dela kjenslene eg set att med.
NRK har nokre skattar i arkivet som er vel verdt å ta ein kikk på.
Ein av det er Under Kirsebærtrærne.
Eg har drøfta det tidlegare.
Mange meiner at "alder er berre eit tal".
Dette er eg svært usamd i.
Alder er ein tilstand under utviklilng.
Frå vogge til grav.
Og me endrar oss gradvis. Jamvel om me kjenner oss unge mentalt.
Me tileignar oss kunnskap, erfaring og livsvisdom undervegs i prosessen.
Difor er skuffelsen ekstra stor den dagen ein rykker bakover i køa på grunn av alder. Den dagen ein opplever at ein ikkje er god nok.

"Me vart fødd inn i denne verda for å sjå den og lytta til den", seier den eldre av hovudpersonane i filmen, Tokue (spela av Kirin Kiki) .
Ho søkjer jobb hjå ein doryaki-seljar (japanske pannekaker) som har ein liten kiosk under kirsebærtrea.
Ho søkjer jobb hjå ein doryaki-seljar (japanske pannekaker) som har ein liten kiosk under kirsebærtrea.
Han er skeptisk til å tilsetja henne. Men ein smaksprøve på bønnepastaen hennar, får han til å ombestemma seg.
Dette er starten på eit nydeleg venskap og samarbeid.
Verdighet. Han behandlar henne med verdighet.
Dette er starten på eit nydeleg venskap og samarbeid.
Verdighet. Han behandlar henne med verdighet.
Ho vil aldri koma for seint. Ho står opp før fuglane.
Og for å ha nok tid til å laga bønnepasta å fylla pannekakene med, vil ho starta før herr Sol viser ansiktet sitt.
Det går som det susar. Men Tokue sine forkrøpla hender, fortel om ein forhatt og frykta sjukdom, lepra. Og via "sladder" kjem dette kundane for øyra. Eigaren av kiosken vil overlata verksemda til ein slask av ein nevø. Og i kjølvatnet av det, byggja om kiosken og utvida menyen.
Fullmånen.
I morgon, 28.01.21, er det fullmåne.
"Eg ville du skulle sjå meg. Det var derfor eg skein"
I morgon, 28.01.21, er det fullmåne.
"Eg ville du skulle sjå meg. Det var derfor eg skein"
So fint Inger. Og ja, du har rett! Det med alder som berre eit tal.... neiddu, me veit betre me, seddu <3
SvarSlettDet veit me! "Eg stend eg, seddu"
SvarSlett