tirsdag 12. januar 2021

Vedunderlege vinter

 

Kom vinteren tidleg dette året? Eller er det eg som surrar. Dei seinare åra føler eg på meg at vinteren her kome i februar. Hugsar eg feil?

Når eg tenkjer på barndom og oppvekst, hugsar eg at det alltid var varme sommarar og alltid kalde vintrar.
Vinteren kom 17. november.
Me stod på ski i Ole G - bakkane (der rådhuset ligg i dag) og gjekk på skøyter på idrettsplassen og Mo-vatnet.


Dr Nordtveit og Nils Aksnes var primus motorar for å få ferdig isen på idrettsplassen, heilt sikkert ilag med mange andre medhjelparar. Og etter mine erindringar skeissa me i månadsvis.
Etter det eg kan sjå på far min Anton sine dokumentar-filmar med 8 mm kamera, var det mykje av både skeissing og hopprenn og andre vintersysler. 

Sjølv dokumentariske 8 mm filmar kan gje oss eit skeivt bilete. Det er mogeleg at det berre kom ut dei dagane det var vakkert. Det heller enn når regnet ausa ned og vinden ula rundt novene. 


Ei vandring Norheim rundt her om kvelden, fekk meg til å ta fram kamera igjen. Om det ikkje vart levande film, så freisrta eg å fanga stemninga og den gode kjensla. Det var minus 7-8 grader og trea var dekka av rim.

(Knirkinga under skoa kom diverre ikkje med på bileta.)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar