I dag såg eg
I dag såg eg tvo månar
ein ny
og ein gamal
Eg har stor tru på nymånen
Men det er vel helst den gamle
Olav H Hauge "Dropar i austavind" 1966
Ikkje minst i disse dagar.
Me må ha stor tru på nymånen.
Dagen i går, 20.01.2021.
USA fekk ein ny president.
Den 46.
Joe Biden.
Ein dag som normalt er fylt med håp og glede.
Ein dag der folk fyller gatene og jublar fram den nye presidenten og hans folk.
Joe Biden har utnemnd Kamala Harris som visepresident.
Nærast ei revolusjonær hending i seg sjølv.
I går minna bileta frå Washington DC om bileta frå ei krigssone. Eit uendelg antal soldatar og andre bevæpna vakter, gjerder og overvåking på alle tenkjelege måtar.
Toppa med munnbind grunna smittefare, var det eit surrealistisk bilete som rulla over skjermane våre.
Når det gjeld det siste, munnbind, må eg innrømma at eg syns det var mange som var ganske stilige. Nøye designa og i farge med resten av kleda dei bar.
Håp.
Er det håp!
Er det ein ny måne eller er det den gamle?
Så dukka denne dama opp.
Amanda Gorman.
Det er håp!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar