torsdag 7. januar 2021

Året er 2021

Det er nytt år.
2021.
Det er minus 12 grader over Skogen og det er is på Skårsvartnet.


Kva kjem året til å bringa, spør eg meg. 



Ljos
Med ljos og meir ljos, går me inn i eit nytt år.
Ikkje at det er noko nytt. Eg har alltid likt å kveikja ljos. Men etter eit år der me har fått veldig mange nye erfaringar inn i historia, kjennest det endå viktigare å kveikja ljos.
Ikkje sidan Svartedauden har me vel opplevd noko som kan likna.

Mørketid og kuldegrader.
Eg er som eg har skreve om tidlegare, veldig glad i den mørke tida og kulden.
Det er som om eg  "hiar" meg i denne tida. Og restriksjonane har i grunnen passa pittelitt inn i mitt normale liv. 

Men å kle seg godt og gå ut i kulden for så å krypa inn att i varmen og koka kakao er absolutt noko av det beste som finst. 
Og heldige oss som bur slik at me ikkje har portforbud. 

















Og med minusgradene, kjem skøyteisen!


 

 
       Og isen på fjorden i Samnanger.









Og snøkrystallane. 





Munnbindet. 
Virus som muterer og spreier seg med lynets fart. Me lyt ta forholdsreglar og munnbind er innført også på bussen mellom Norheimsund og Bergen.
I alle fall dei dagane der eg ikkje er mest aleina ..... Det er merkverdig kor raskt ein tilpassar seg det nye. 


 

Med lite folk, stilla og god tid til å nyta turen, legg eg merke til det vakre ljoset. 
Eg freistar å fanga tida - og fanga ljoset.

Og gje det vidare til dei som les dette.

Med det ynskjer eg alle det aller beste for det nye rare året!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar