Det er fredag og eg tek som vanleg, bussen heim frå Bergen kl 16:25. Det sniglar seg avgårde ut av byen og eg kastar meg over podcast-lista mi.
Den fyrste på lista er HardingPrat med min kjære ex-nabo Brit Aksnes.
Mannen bak pod-casten, AK Glück Teigland, gjer ein glimrande innsats i å finna fram ein lun og fin samtale mellom dei to.
Verkeleg ei mangfaldig dame med eit enormt spekter av eigenskapar.
Etterpå er det plass til Drivkraft. Ein podcast frå NRK i litt same stil. Ein samtale på direkten. Arne O Holm var invitert. Absolutt å anbefala, som podcasten i særdelesheit.
Holm og Vegard Larsen snakka om det eine og hitt og kom inn på¨dette med å vera saman aleine. Og Holm poengterte det eg sjølv kan kjenna meg att i - at ein fort kan verta meir aleina mellom mange, enn heilt aleina på hytta ein plass uti huttaheiti ein stad.
Det har eg tenkt på meir enn ein gong sidan mars.
Eigentleg også for lenge sidan.
Eit spørsmål eg har fått så utruleg mange gonger etter at eg byrja å jobba ved Kode Kunstmuseer og komponisthjem i Bergen.
Og svaret har vore; eg er ikkje by-dame.
Men eg trur svaret ligg nærare det han snakka om han Arne O Holm.
Å vera einsam mellom mange.
Det er lettare å vera aleine mellom få.
Då er det ikkje så einsamt.
Rett og slett.
Ljoset frå treet når heilt bort til steinen som ligg her til minne om han som ikkje er her meir.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar