søndag 29. november 2020

Tida stiltrar seg på tå

 


Tida lirkar seg sakte avgårde. 

Storparten av verdas befolkning ventar. 
Det er eit håp der ute.


Advent. 
Samstundes ventar me på jule-høgtida.
Høgtida som 
på denne sida av jordkloden, er lagt til den mørkaste og kjøligaste tida av året .

På motsett del av jordkloden, er denne tida den ljosaste og varmaste. Nyheitene kunne i dag melda om varmerekord i Sydney og fare for nye skogbrannar.


I påvente av noko betre, har eg fått det for meg at det å hoppa i fjorden er ei fantastisk tidtrøyte. Ikkje kvar dag, men når det måtte vera ein anledning.
Det gjev meg ein biverknad som kan kallast lukkekjensle. Eit rush i  lekam og skjel. Eit stort glis.
Og det kjekkaste er å mestra det. Å mestra noko som tidlegare var utenkjeleg. 
Eg var ei pysa når det kom til badetemeratur, i samanlikning med dei eg samanlikna meg med.
Men likevel var det i seinaste laget å starta opp badesesongen etter 1. mai. 
Eg trua meg uti uansett.
No kjenner eg det som ein nytelse - sjølv om det er kaldt.
Det er ikkje det, eg søm ikkje rundt i minuttar.
Det vert med ei 3-4 tak.


Etter badet er det fyr i omnen, varm kakao og julemusikk.

Og no i det siste -bretting av stjerner


Forresten  det er nokon som har fått det for seg at corona-pandemien, er ein konspirasjon...

Men dei ventar dei også.
Dei ventar på at me  som trur på det mesteparten av verda snakkar om, skal få opp augene våre. Jaja, dei om det.





2 kommentarer:

  1. Eg bada i går. Det SVEI! Men verdt det. Godt bad!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk det same!
      Snart klar for desember-badet!

      Slett