lørdag 7. november 2020

Dei fem gode og dei fem dårlege

"Året der alle termostatar og transformatorar rauk!"

I Bibelsk samanheng, vert det referert til at verda går i 7 års syklusar. Etter dei 7 gode åra kjem dei 7 dårlege. I alle fall etter det eg har oppfatta med mitt spartanske kjennskap til boka. 

I mitt liv, er det heilt tydeleg at me snakkar om 5 års syklusar.
Dei 5 gode og dei fem dårlege.
Dei fem "dårlege" har no toppa seg med fylgjande;
"Året der alle termostatar og transformatorar rauk!"

Er det mulig?
Ja! er svaret eg kan gje.
Dette er ein sann historie frå røynda.


1. Dusjen:
Eg gledde meg til ein skikkeleg varm dusj etter eit friskt bad i fjorden her utpå hausten.
Vel hadde eg merka at det vanskeleg let seg gjera då dusjen verka å ha ein konstant temperatur på sånn passe lunka.
Denne dagen var vatnet KOKVARMT! 
Vel, dette må vera 
varmtvatns-beredaren som har gått bananas, tenkte eg, og gjekk lettare nervøs ned i kjellaren.
Tidlegare hadde eg lært at dette let seg regulera ved hjelp av eit hjul som er plassert hendig på toppen av varmtvatns-beredaren. 
Og for at de skal sleppa alle detaljar, kan eg fortelja at eg justerte hjulet i begge retningar, utan at dette hadde noko verknad på dusjen.
Røyrleggjar C måtte tilkallast og fiksa problemet lett som berre det!
Check!


2. Downlight-transformator nr 1
Så gjekk ljoset i taket. 
Fyrste gong.
Elekrikar Lars vart tilkalla og transformator skifta.
Check!



3. Baderoms-termostat
Etter ei langhelg ute av den koselege heimen min, var det godt å koma attende. Og det fyrste rommet eg hadde trong for å benytta, var baderommet.
Der var det ISKALDT! 
Eg sjekka termostaten på veggen og den såg ut til å virka. Men golvet var likevel iskaldt. Nervøs ringde eg elektrikar Lars igjen og han kunne beroliga meg om at det mest sannsynleg berre var å skifta termostaten. Berre.......
Så vart gjort og etter nokre dagar med termostaten på full guffe, kom rommet sakte men sikkert opp i normal temperatur.
Check!



4. 
Downlight-transformator nr 2
Dagen etter gjekk ljoset igjen.
Men då i ein annan "seksjon".
HJELP!!
Dette veks meg over hovudet.

Transfomator innkjøpt og skal skiftast ut.

No MÅ det no vera slutt??

Eller sidan mitt liv ser ut til å gå i ein syklus på 5, er det vel gjerne berre å byta ut den siste trafo'en også, tenkjer eg.


Alternativt 
kan eg kanskje venta 5 år? 
I og med at eg no går inn i "dei 5 gode" 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar