Hyttetur.
Eg lukkar augene og seier ordet inni meg.
Eg luktar vedfyring, bok, strikketøy (vanskeleg å lukta...), vin og turar i frisk luft.
Eg luktar vedfyring, bok, strikketøy (vanskeleg å lukta...), vin og turar i frisk luft.
Dette er ein draum som unekteleg liknar på tilværet eg har heime.
Likevel har eg veldig lyst på ei hytta.
Eller mulighet til å benytta meg av ei hytta.
Spontant når eg har nokre dagar fri.
Spontant når eg har nokre dagar fri.
På mine nesten daglege bussturar over Kvamskogen, slår det meg at det må då finnast hytter rundt omkring, som står tomme store deler av året.
Hytter som nokon har arva, men ikkje har tid til å benytta.
Hytter med utedo og at eigaren av den grunn ikkje orkar å bruka dei.
Hytter med utedo og at eigaren av den grunn ikkje orkar å bruka dei.
Hytter som treng oppvarming og kjærleik.
Som Kari Bremnes syng;
'Det sku bo folk i husan
Husan e som folk
Folk treng hus
Og hus treng folk
I all si tid'
Husan e som folk
Folk treng hus
Og hus treng folk
I all si tid'
Og i hytter.
Sjølv om det er når eg bussar over Kvamskogen at denne trongen kjem for ein dag, er ikkje nødvendigvis akkurat der den eventuelle hytta må liggja.
Kritteriet er at det må vera mogeleg å koma dit med buss.
Og helst innanfor ein radius som gjer det mogeleg å nå den i løpet av ei helg.
Kritteriet er at det må vera mogeleg å koma dit med buss.
Og helst innanfor ein radius som gjer det mogeleg å nå den i løpet av ei helg.
Draumen er god og eg gøymer den til turen går heim att.

Arve.norheim@google.com. Ja, ei hytta kan da ve kjekt å ha. Ein fristad til fritid utanom husets 4 veggar. Eg gler meg til å tilbringa jula i ‘nyinnreidd hytta’ i Skutlalia med utsikt til ‘green green grass‘ of home’ mellom fjell og fjord. Hytta er andre høgda i barndomsheimen.
SvarSlett