lørdag 3. oktober 2020

Eg klamrar meg fast

 Er det ferie så er det ferie.

Og er det ferie, skal det badast.

For å unngå å fastna på det blide Sørland, då det vart streik hjå bussjåførane, reiste eg over Haukelid og heim.
Så no er eg er heime i Norheimsund att.
Og som tidlegare nemnt, har eg nokre dagar att av ferien.
Dermed latar eg då at eg framleis er på ei slags ferie-reise.


Om eg var fisk i mitt tidlegare liv, eller ein eller anna form for sjølevande vesen, vites ikkje. Men eg er uansett uendeleg glad i å bada.
Og slik temperaturen er, er det jammen mogeleg å gjennomføra, sjølv den 3. oktober. 


Normale norske frilufts-glade folk, hadde nok sprunge ut i  og bestege høge toppar og fjell, her representert ved Kvitingen. Men eg vel altså det våte element.

Kva er temperaturen? spør du kanskje.
Og den ligg på ca 12 grader.
Det ville normalt sett, vore for kaldt også for meg.
Men det er som om kroppen har vent seg til.
Eg tullar ikkje når eg seier det er deilig.
Det er ikkje slik at eg ligg og plaskar uti der i timevis. Kriteriet for å ta eit bad, er at det skal vera ein nytelse og det skal vera lystbetont. 



Sjøen gjekk kvit og sola skein.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar