Ferien fekk ein brå ende.
Ikkje at eg er smitta med korona eller noko.
Nei heldigvis.
Men det er fare for busstreik over det ganske land og eg ville verta fastlåst i eg veit ikkje kor lang tid, om eg ikkje heiv meg rundt innan fredag, som er i dag.
Så her er eg – på veg heim.
I buss......
Over Haukelid.
Heim til korona.
Norheimsund var fyrste innslag på nrk 19-nyheitene i går.
Der fortalde dei den utrulege historia om at Kvam kommune er i ferd
med å verta stengd ned på grunn av ein buss med pensjonister, som
utan å vera klar over det, har smitta halve sør-Norge med
korona....
Hotellet er stengt og elevane på VGS
er i karantene – for n'te gong.
Og no høyrde eg at ein avdeling i barnehagen er stengd og arrangement avlyste.
Det merkelege er at folk ikkje har
symptom og anar ikkje kva som er i ferd med å skje.
Kanskje er eg
befengt og dreg med meg smitte både hit og dit?
HILFE!
Det blæs, så det var kuling i kasta og det var så vidt eg i det heile tatt kom meg ned til stranda.
Men i Aquarama derimot, der vart det bading.
Og det var eit heilt ok alternativ.
1000 meter att og fram,
nokre timar bløyte i diverse bad ute og inne + badstover er ikkje å
forakta det heller. Så no er eg i alle fall reinvaska!
Treffa gamle kjente og få levande musikk på Kristiansand Jazzvesen i kjellaren på Hos Naboen, på ein og same dag.
Heilt innafor.
Mange takk til mine gode vener Arve og Paris, som hadde husrom og tid til å ha gjester midt i september.
Og sjølvsagt var det ein god gjeng badande på stranda då Arve med hund og eg med alt mitt pakk, vandra frå Bystranda til Rutebilstasjonen.
Det er haust i fjellet og i neste veke er det meldt om minus-grader
Ferda går vidare over fjellet mot Vestland fylke og Hardanger.
Merkeleg kor fort ein greier å venna seg til eit samanslått fylke med nytt namn.
Nesten litt underleg det der med tilpassing.
Snakk om tilpassing...
Ein relativt full buss med mange fjes av denne typen.
Er det forbigåande eller varig, skal tru
- det undrar eg på.
Takk for no!








Velkomen heimatte��
SvarSlett