Stadig nytt terreng - stadig ny kurs.
Det er utruleg kor roleg det kan vera sjølv om oppstillinga til Bastøyferja ligg rett ved og hovudfartsåra går rett forbi.
Etter nok ei natt på Thon Hotel Horten, er det klart for å stikka ut ny kurs.
Kyrkjeklokkene slår og eg skal pakka.
Eg er ikkje glad i oppbrudd. For å sei det slik, eg mislikar oppbrudd. Men oppbrudd må til om ein skal koma nokon veg.
Eg har ein liten diskusjon gåande med meg sjølv.
Diskusjonen går ut på å finna forskjellen på å reisa på besøk og å reisa på ferie.
For meg er det to vidt forskjellige ting - men eg kjenner at det står ei på skuldra mi og kviskrar inn i øyra mitt; Er det noko stress? Er det ikkje ferie å vera på besøk? Det er litt ulikt - men eg kjem stadig attende til at det kjennest godt å vera sin eigen sjef og sin eigen kartlesar.
Eg har vel gjerne litt lett for å innordna meg. No er eg på ferie.
Det er køla mørkt. Eg set på takterrassen på kystledshytta på Hvasser. Hytta måler kanskje 2 x 4 meter eller noko. Akkurat passe når det einaste ein skal her er å sova. Men her er både koke-muligheter og kjøleskap. Køyeseng og altså takterrasse. Og straum.
Eg kjem akkurat frå hyggjeleg middag hjå Sissel - syster til mi veninne sidan 1974, Nina. Nina bur i Florida.
Sissel var den fyrste eg gjekk på etter å ha innlosjert meg i hytta.
Er det mulig?
Ja - det er det.
Verda er av og til så bitte liten - og eg treff (nesten ) alltid på nokon eg kjenner.

PS - her er det ikkje heilt stille - men nesten



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar