lørdag 19. september 2020

Og bakom synger (det gjennom) skogene - sykkeltur til Munchs rike

 

Gjennom skogen, langs fjorden, på Kyststien
frå Horten til Åsgårdstrand.

Dette hadde eg gledd meg til lenge. 
Skogen song - heilt stille. 

Den super hjelpsame resepsjonisten på Thon Hotel Horten, hosta opp ein sykkel til meg.
Sykkelen fekk umiddelbart namnet "rally-Bert" og opphaldet i Horten var redda.

                                          




Åsgårdstrand. 
Ein av fleire av Edvard Munch sine riker. Ein småby eg har lagt min elsk på.
Det er ein ro der. 


Eit av Munchs hus ligg her. Der traff eg ei hyggjeleg dame frå Bergen som (sjølvsagt) hadde jobba på min arbeidsplass KODE kunstmuséer og komponisthjem, før ho flytta austover.

Rett nedanfor huset, finn ein stranda der Munch definitivt foreviga syster si Inger, med  bildet "Inger på stranden"


                                      


Her representert ved Inger og Inger på stranden.



I fylgje lokale bade-nymfer, var temperaturen i sjøen målt til 15,7 grader.
Perfekt badetemperatur. 

Veninna mi Inger, som vaks opp med bading i Åsgårdstrand, tipsa meg om fine badetrapper i dette langgrunne området. 
Dermed vart det ein dukkert og det vart to.

På stupebrettet stod det skilt med klar melding; Stuping forbudt!
Dei ovanfor nemnde bade-nymfer kunne då fortelja at dei badande tolkar dette med å hoppa i staden......



Etter å ha tørka, stod eit besøk på Munchs Café for tur - ein rar stad med ein litt spesiell historie. 
Trur det vert fyrste og siste gongen.
Vel har innehavaren ei fortid som bankranar.
Men no vil eg nesten påstå at han kun har kutta ut bank.
Ein tallerk tørre vårrullar, tørr ris og fesen salat + ein kopp te; 290 kroner takk!
Og i disse "tæppe-tider" - oppdaga eg summen nett litt for seint. 

I morgon går turen vidare - med buss. 
Fylg med.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar