Pakka og klar.
Varmt? Kaldt? Tørt? Vått?
Badedrakt, badehandkle eller skjerf og lue?
Eg har sjekka YR, men tek likevel med utstyr/klede, til alle eventualitetar.
Men det ser lovande ut når det kjem til vær.
Varmt, fint og tørt.
Vestfold (eller kva det no heiter i dag?) -
here I come.
Det er der det er varmast i garden. (i fylgje Yr.no)
Det vert buss. Buss er bra. Eg er glad i buss.
Og tog.
Eg har med pc, bok, strikketøy, niste, kaffi, te og sjokolade.
Ein vakker tur over fjellet i vente. Er det andre på reise i disse tider?
Vert eg aleina på bussen?
Det vil visa seg.
Eg ynskjer meg sjøl ein god tur - og så får me sjå kva som skjer.
PS. Det kostar meir å ta bussen frå Norheimsund til Porsgrunn, enn å ta fly frå Bergen til København.....


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar