onsdag 9. september 2020

Kor skal vi reis hen?



Det har vore sommar-tid og folk har vore på Norgesferie.
Norge innkluderer min heimstad - Norheimsund.
Dermed kom det folk på ferie til Norheimsund. Nokon kjende eg frå før og andre var heilt nye. Dei eg kjende frå før, hadde heldigvis lyst å treffa meg. 
Svært så hyggjeleg. 
Meir som den store klassefesten.

Sjølv plar eg å reisa i september. Då går det i "same precedures as every year".
Danmark og Kreta.
Kjedeleg?
Svaret er nei! Og i tillegg er det svært behageleg.



Så kva gjer eg då i det herrens år 2020?
Eg meinar, når prosedyren ikkje let seg gjennomføra? 
Coronaen blømer - og framtidsutsiktene er dystre.
Eg vil ingen sjangsar ta og har tre veker å ta av. Eg ser nytten av å ta til meg sol og varme før hausten slår inn med regn og kulde.
Sol og varme. I September. I Norge. 
Dessutan vil eg vera heilt for meg sjølv og helst ved sjøen.

Kor kan dei tilby noko som liknar på dette, tru?

Planar vert trokla og rekkte opp att.
Buss, tog, sykkel, hotell, hytter, airbnb. 

Yr.no. Der kan dei sikkert hjelpa meg.
"Kor er det sol og helst litt varmt, i Norge i september"? spurde eg yr.
Det vil seia, eg sjekka. 
Og svaret er i alle fall førebels; aust og sør.
Avgjersla er tatt. Det vert aust og sør.
Eg har lagt fram badedrakt, badesko og bade-handkle.

Det neste spørsmålet går litt ut i lause lufta;
"Kor er det mindre corona-smitte enn her vest/i Bergen"?
Svar; ALLE andre stader i Norge.

Framhald fylgjer frå og med tirsdag.






1 kommentar: