onsdag 16. september 2020

På rett side av fjellet - i buss

 


Då er turen starta.
Tanken om sol og sommar i vente.
Sandvins-vatnet, med skodda langt nede på hælane, forekom likevel eksotisk og mytisk og vakkert. 

Heile Oddadalen kjendest eksotisk frå vindauga i Haukelidekspressen, som i full fart vende nasa mot målet; sola.
Ikkje Sola som i flyplassen - nei der det er sol. 
Og langt der framme lysna det allereie. 

Med kaffi og nista og skrive-verktøy, var det berre å gle seg til ein vakker tur over fjellet.

Og vakker vart det!
Eg hadde sett for meg intensiv jobbing på vegen, noko det for så vidt også vart tid til.
Men augo forsvant stadig vekk ut vindauga, oppetter fjellsidene og ned på elvar og vatn.


Me måtte av grunnar eg ikkje veit, køyra på utsida av Haukelid-tunellen. Ikkje har eg vore på månen, men eg har vore på Island. Og dersom eg skal samanlikna med ein annan stad enn utanfor Haukelid-tunellen, så må det vera der. 


Seljord - og tid for bussbyte til Posgrunn.
Ingen teikn til orm verken i sjø eller på land.
Men sola, den synte seg frå si beste side. .
 





Det fyrste delmålet for turen er Larvik.

Og den  lettaste måten å koma seg  frå Porsgrunn til Larvik på, er med tog.

Og 12 minuttar etterpå var eg der





På togsatsjonen i Larvik var Edith, medstudent frå høgskulen i Bø 89 - 91, og tok imot meg. 
Ho kunne syna meg vegen til Lysko Gjestegård kor eg hadde tinga meg rom. 

Eit "mini-hotell" på Tollerodden, som opprinneleg var ein kjøpmannsgard. Bygningane kan telja heilt tilbake til 1680 og her var det i si tid store verdiar og salg av dei finaste varar. 
Innehavaren kunne fortelja at dei fann både kinesisk porselen og dei nydelegaste glas, då dei sette igang med å byggja opp staden til det den er i dag. Diverre var gjenstandane då i tusen knas. 

Med eit ufatteleg pågangsmot, kunnskap og idéar, har paret brukt 30 år av livet sitt på dette.
Dei er på langt nær ferdige. Det snikrast og malast, det vert trekkt om på møblar, fiksast og ordnast.

Med bakgrunn frå antikk-bransjen, har dei greidd å fylla husa med dei mest fantastiske saker og ting. 

Og dekoren som eg trudde var original, står dei for sjølve. Det som var orginalt, var "ramponert", som ho sa.
på 70-talet.
Imponerande arbeid.


I dag har eg bada i naturell Farris, utan kolsyre.
Trur eg....
Ganske behageleg.
Meir om det i morgon



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar