Kjelda som er kalla Kong Haakons kilde, vart oppdaga av dr. Ingebrigt Christian Holm på ein spasertur langs Farriselva i 1875.
Om dette er den same dr. Holm som har eit spa-hotell på Geilo oppkalla etter seg, skal ikkje eg stadfesta. Men han var den fyrste eg tenkte på då eg sjekka fakta om denne mineral-oppkoma.
At denne kjelda har gitt livgjevande mineraler til folk i over 100 år, er eit fakta.
Og kanskje den salige Dr. Holm såg for seg eit Farris Bad på storleik med det som er i Larvik i dag, det ser eg ikkje vekk frå. Allereide på den tida var Larvik Bad ein realitet med ein kapasitet på 300 gjester.
Eg tassa rundt i fasilitetane fra kulp til badstove til kulp til bad til jacuzzi til ny badstove til is-kulp til urtesauna til jacuzzi til sjø ute i friluft (ja, det var svært badevenleg temperatur!) og attende til varm og deilig dusj.
Innimellom alt dette var det lunsj. Eg møtte opp i badekåpa, utan briller og utan noko form for scanne-ingrediens. Ikkje heilt optimalt, då menyen skulle scannast og eg ikkje kunne lesa papir versjonen utan briller.
Det vart laks med noko attåt, som eg har absolutt ingen idé kva var....... Men det smaka godt (med litt salt på)
Tusen takk til familie og vener for gåver til min 60 års dag, som gjorde dette mogeleg!

Helgeroa, Nevlunghavn, Stavern.
Tusen takk til Edith som tok meg med rundt!




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar