onsdag 23. september 2020

På attsyn Hvasser


Det vart eit bad til. Og at det var målt kun 15 grader i sjøen,var mindre enn min indre termostat ville fortelja meg. Den sa 17. rett uti og ein god symjetur i stille sjø.

Den beste avslutninga på besøket på Hvasser.



For å ta bussen vidare sørover, måtte eg opp på E18 – nærare bestemt Fokserød ved Sandefjord.
Det går buss som korresponderer, men Sissel tilbaud seg å køyra meg.
An offer I couldn't refuse.

Tanken på å bli levert på døra så og seia, senka reise-adrenalinet mange hakk.

Det er nemlig ein stadig tilbakevendande tilstand.
Eg får reisefeber. Om eg skal til Øystese, Bergen eller "langtavstad", får eg reisefeber.

Og då kjem spørsmålet; 'kvifor i all verda reisa på bussferie' ?

Ja, ein kan lura litt på det.

Og glad var eg for at Sissel var saman med meg, då VY-ekspress plus til Kristiansand, ikkje dukka opp til fastsett tid og informasjonen om same buss forsvann frå oversikta på skjermen for avgang og ankomst. 

Mange ulike spørsmål melde seg.

Då eg som nummer "eg veit ikkje" i køen til kundesenteret, kom den heldigvis. Puh!
Takk igjen til Sissel for å køyra meg og venta der saman med meg!


Og for ein buss!!
Verdt å venta på. Absolutt. Du verda for nokon behagelege seter. Og i disse merkverdige tider, var eg bortimot aleina ombord.
Og det beste – toalett rett bak.

Det vil sei – det beste? Eg var rett og slett nøydd å benytta meg av tilbodet, så eg opna forsiktig døra. Det vesle rommet vart opplyst av eit ultraviolett ljos og ein lukt eg ikkje har kjent makan til sidan eg var i Bangladesh i 1982, slo imot meg.

I heiane mann....... Det var ein prøvelse eg ikkje hadde førebudd meg på.
Men må man så må man.

Det var i det minste eit "sitte do" og ikkje eit hol i golvet.


Resten av reisa gjekk fort og smertefritt gjennom vakkert terreng.
Men skyene tetta seg til der framme.
Skal tru om dette vert siste legg på turen før heimreis .....







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar