onsdag 15. juli 2020

Road trip - 5 dagar ferie med systo

Klar for tur - i pøsande regn
Så var det tid for syster-ferie igjen.
Syster mi som bur i Tromsø, vel å reisa sørover ein gong pr. sommar, med det mål for auga å
1. Få sol
2. Bada


Bortimot ALLE sommarane ho har prøvd seg på dette, har sola steikt i nord og det har vore pøsande regn og kaldt her sør.
Ho har variert tidspunkta og reist både i juni eller juli eller august.
Same resultat kvar gong. 









Men me let oss ikkje stansa likevel.
Denne gongen med leigebil frå Toyota i Norheimsund.
Ein snedden liten Yaris hybrid.

Fyrste stopp ferja mellom Tørvikbygd og Jondal.
Kor dei kunne reklamera med sjølvbetent kiosk.
Interessant.



Rosendal

Vegen vidare gjekk via nokre tunellar men også i vakker natur.
Fyrste stopp på Galleri Guddal i Rosendal (Seimsfoss)

Den alltid nærværande Gøril tok imot oss med eit stort smil og like store smilehol.
Like kjekkt kvar gong!!


To vener av meg dukka også opp og me tok ein kopp kaffi og eit deilig kakestykke i kaféen før me drog vidare til "Blondehuset" deira i Uskedalen. 
For eit hus!! For eit prosjekt!!
Respekt. 




Skodda i Ølve

Etter å ha bivåna dette nærast uoverkomelege prosjektet, som ser ut til å enda svært så bra, snudde me nasa heimover. 
Før me kom så langt stansa me på Elins Matgleder og vart spandert mat på av hyggjeleg selskap der. 


Ein ny dag rann og nye muligheter låg føre oss.
Kor går vegen?
Skodda er kan henda lik over alt, men med tilgang på bil må me finna ei ny ruta ut av Norheimsund. 
Tysnes - her kjem me.
Med vår felles mormor i tankane, la me i veg mot Uggdal og rekkjetunet på Færevåg.
Ikkje merka, ikkje lett å finna.
Og då me var heilt sikre på at me hadde køyrt oss vekk, var me der. 

Rekkjetunet 

vart bygd i 1599 og vår mormor Marta stammar derifrå.  


Rekkjetunet
Om mormor Marta er fødd der eller ikkje, stridest dei lærde. Men sikkert er det at far hennar Lars trødde sine barnesko (om han hadde sko då) der i tunet.

Vidare gjekk vegen hans til Krossdalen i Jondal, kor han hadde lærarpost og fekk sett 10 born til verda. Kona hans Pernilda vart tidleg enkja og fødde opp 9 av disse borna i Jondal.

Marta vandra vidare til Norheimsund kor ho som taus på Sandven Hotel, traff vår morfar Brigt. 

Ikkje rett Marta, men rett namn.






Dei fekk tre døtre - Byrkjelandstausene, og ei av dei, Hjørdis Pernilda, var vår mor.

Haaheim Gaard.

Uggdal på Tysnes, er også kjend for eit gardshotel, kalla Haaheim Gaard.


I følge internettet, hadde dei fullt hus, men med bakgrunn frå bransjen, hadde eg erfaring med at det framleis kunne vera rom i herberget.
Noko det var. 



Nydeleg atmosfære.

Og aldeles nydelege hestar.

Me anbefalar alle ein tur oppi lia til Haaheim Gaard.

Søragadå 



Sidan me var så godt i gang, var det berre å hiva seg på gasspedalen vidare sørover.


Karmøy, Åkrehamn og Skudeneshavn 

vart bestemt som neste mål og snuplass. 

Innimellom bygene, såg me noko også.
Søragadå for eksempel.
Og Majorstuen Kafé.

Ein kafé og eit rarietetskabinett utanom det vanlege
Vafler, kaffi og antikvitetar i skjønn forening.
Og overskotet går til å hjelpa dei som treng det meir enn han sjølv. 





















SOL!

I dag kom sola. 
Og systrene tok båten til Utne og ærverdige Utne Hotel
anno 1722. 























Takk for kaffi og moreller og jordbær og kaker og ikkje minst godt lag!



3 kommentarer:

  1. Åååå så var du i Søragadå, og gjekk du den til endes kom du til Gaudebakken. Helsing fru Gaude(n)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kom ei jysla byga, så me snudde.
      Men eg var nok i Gaudebakken sist eg var der.
      Kjekkt å kjenna til opphavet :)

      Slett
  2. Takk for hyggeleg møte, og for at no har fått vore med på resten av turen dåkas! LBS

    SvarSlett