![]() |
| Vikafjellet |
Litt varmt kanskje og muligens eit litt dårleg val av reisevær. Men gjennom nydeleg natur i strålande sol er no heller ikkje så verst.
Så med medbrakt badekle og kaffi-flaske, køyrde me avgårde.

Hadde eg ikkje visst betre, hadde eg trudd me skulle bestiga Trollstigen.
Men dette er då vegen over Vikafjellet i retning Vik og ferjestaden Vangsnes.
Men dette er då vegen over Vikafjellet i retning Vik og ferjestaden Vangsnes.
I Vangsnes står statua av Fridjov den Frøkne. Eit monument over ein sagnfigur. Påkosta og reist av Keisar Wilhelm II i 1913. Eit merkverdig påfunn, men absolutt eit trekkplaster når det gjeld besøkjande.
(Nokon klatrar opp til foten av statua også)
| Fridjov den frøkne (nokre år sidan) |
Ferjeturen over Sognefjorden frå Vangsnes via Hella til Dragsvik, er alltid like fasinerande.
Ein køyrer på i Vangsnes, i Hella køyrer ein av, for så å køyra på att med nasa andre vegen. Og vel framme i Dragsvik, køyrer ein då av igjen som om ingen ting skulle skjedd.
Flott utstilling, hyggjelege folk og god stemning.
(Ser litt tett ut på dette bildet dersom ein tenkjer på corona-situasjonen, men i røynda var avstanden innanfor behagelege mål)
Me inntok nydeleg mat på Kviknes hotel.
Og med 29 grader i lufta, var bading i fjøra ein sentralt behov.
Som tre nye menneske, klatra me oppatt av det passeleg tempererte vatnet.
Sjølv den mest frostne av oss, måtte innrømma at ho syns det var deilig.
Så etter avkjølinga, var me mota på litt sightseeing i Balestrand, som har utruleg mykje å by på til å vera ei så lita bygd.
Det må nemnast ein betydeleg bygningsmasse i sveitserstil, som er godt ivareteken.

Siste stopp; handel på Siderhuset
Sider og syltetøy og hyggjeleg vertskap. (Ta turen om du er i Balestrand)
Sider og syltetøy og hyggjeleg vertskap. (Ta turen om du er i Balestrand)
På returen rygga me inn på ferja i Dragsvik og fekk difor stå i ro heilt fram til Vangsnes.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar