![]() |
| Skulptur i Ekebergparken |
Når ein forholdsvis nyoperert hoftepasient på 60, trur at ho er fullstendig restituert, kan det fort gå litt over stokk og stein.
Og må man, så må man.
Saman med mi gode veninne, har eg tråla Tolomarka på kryss og tvers. Og denne ulykksalige dagen, hadde eg drukke litt vel mykje te før me drog. Så midt oppe i skogen der, meldte behovet seg og gode råd var dyre.
Her måtte eg finna meg ein busk fortast råd.
Her måtte eg finna meg ein busk fortast råd.
Det eg ikkje kom på, var at eg mest sannsynleg ikkje hadde nok funksjon i hofter og kne, til å innta den naturlege og mest behageleg posisjon for eit slikt ærend. Og då eg kom meg bak busken, var det for seint å tenkja på alternativ. Her var det berre å ta tak i næraste grein, halda seg fast og lata det stå til.
Eg så gjorde, og var vel så nøgd med posisjonen. Det eg ikkje hadde tenkt på, var at eg også skulle ut att av denne posisjonen på ein enkel måte. Og der smalt det til i høgre hofte!!
Nei!! Mange tankar om ny innleggjing og ny operasjon fauk gjennom hovudet i rasande fart. Dette har eg beint fram ikkje behov for nett no. Som permittert frå jobben, og med tilbakekome innan synsranda, ville eg berre verta bra fortast mogeleg.

Eg halta attende til veninna mi og vidare heim til sofaen. Og der vart eg liggjande å kjenna etter. Og neste dag kjende eg etter. Og nokre dagar etter det.
Eg hadde telefontime med fysioterapeuten på Kysthospitalet Hagevik. Og etter ein lengre samtale med henne, roa eg meg med diagnosen; kraftig lyskestrekk.
Eg hadde telefontime med fysioterapeuten på Kysthospitalet Hagevik. Og etter ein lengre samtale med henne, roa eg meg med diagnosen; kraftig lyskestrekk.
Dette kan ta lang tid, sa ho.
Så her går eg og ventar då.
Det er alt vorte mykje betre - absolutt.
Så pass bra at eg hoppa i fjorden og sette igang med å symja.
Det er alt vorte mykje betre - absolutt.
Så pass bra at eg hoppa i fjorden og sette igang med å symja.
Det skulle eg heller ikkje ha gjort.
Say no more

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar