![]() |
| Klubbavikjo |
Trur ikkje det skal verta vanskeleg den dagen det er ein realitet.
(den som lever får sjå)
Ferie og permisjon gjekk mot slutten i ein rasande fart.
Derfor var det ein perfekt avslutning å ta turen til Strandebarm. Vakraste delen av Hardanger.
Gode vener inviterte på hjort og godt selskap og ingen av delene stod attende for det beste i både inland og utland.
Norges-ferie.
Det er ikkje måte på reklame i alle kanalar. Hardanger er definitivt eit godt val i så måte.
Og når ein fyrst er komen så langt (eller kort), kan ein likegodt ta turen til Kvinnherad.
Då tenkjer eg at ein har dekka det viktigaste.

Ferien vart toppa av ein betre middag på Hardangerfjord Hotel.
Ei god veninne og eg gav kvarande eit gåvekort til 60 årsdagane, slik at me hadde godt selskap å eta saman med.
Det vart både mat og drikk og dessert.
Og operasongarservitrøren gjorde eit så god inntrykk, at eg gløymde alle smitte-tiltak og helste på han med å ta han i handa!!
Det vart heilt stille i salen. Skikkeleg pinleg for oss begge, men det vil nok verta eit uforgløymeleg møte.

Tilbake på Kode var det berre Kode 3 (Rasmus Meyers Samlinger) som er ope. Ei lita handfull kollegaer var å treffa att og det var fint .
Utstillinga Interruption av Jeanette Christensen er plassert der og absolutt verdt eit besøk.
Så vert det spanande å sjå når me er attende til normalen.
Så vert det spanande å sjå når me er attende til normalen.
Om me nokon gong kjem dit - både i Kode og landet og verda.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar