Epletrea arbeider for harde livet, for å sikra Sjuragarden ei stabil innkome.
Det ser ut til å lukkast.
Det er framleis ferie og eg har sykla rundt og vore så sosial det let seg gjera.
Fyrst var eg på lunsj-besøk i retning Øystese og deretter kaffislabberas på Kaldestad.
Svært hyggjeleg begge deler!
No har sola gøymt seg bak skyene og me har til og med fått nokre dråpar med regn.
Dette har ført til at me formeleg kan sjå graset gro.
![]() |
| Framleis bløming på Sjurdagarden |
Men regnet har ikkje gjort meir av seg enn at eg framleis har tatt hjula fatt på min daglege sykkeltur.
Etter at Sjuragarden i Skipadalen har starta med storproduksjon av frukt og sider, har dette endra Norheimsund til ei større eplebygd enn den har vore tidlegare. Dette er vakkert på så mange måtar. Bløminga for eksempel.
No kan tilreisande nyta bløminga, når dei set i bilen sin på veg til eller frå Bergen.
Og har dei ekstra tid, er det mogeleg å stansa og ta turen innom gardsbutikken like ved.
Og har dei ekstra tid, er det mogeleg å stansa og ta turen innom gardsbutikken like ved.
På gangvegen frå Grova (Norheimsiund sentrum) til Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) på Kaldestad finn me ei vakker og litt annleis bru designa av Hans Pulles.
Eg tek gjerne turen langs fjorden ut via HFS, på mine daglege sykkelturar.
Noko som slår meg kvar gong, er minner frå vårt år i Bremen, Tyskland. Der foregjekk det meste av forflytninga på sykkel og gjerne langs elva Weser.
På vegen frå området der me budde, Hastedt, var det fleire bruer som tok oss over på den andre sida av elva. Ei av dei er die Erdbeerbrücke. Og tankane går alltid dit, når eg går eller syklar over brua i Norheimsund.
Utan samanlikning, då Erdbeerbrücke er ganske mykje større.

Eg har alltid vore glad i å sykla, men har til dømes aldri sykla Rallarvegen.
Det står på lista over ting eg skal gjera ein gong.
Kanskje det vert dette året? Eg har ferie i September og då vil eg truleg snøen ha smelta på Hardangervidda også.
Med slik ein vind som me har hatt i dag, smeltar det godt. Han gjekk kvit i dag, fjorden.

Det var så vidt eg kom meg rundt Holmsundsvingen.
Lettare var det heim att med medvind i retning Grova.
Lettare var det heim att med medvind i retning Grova.
Både fjorden, himmel og skyer dansa

Å Vestland Vestland, når eg les deg slik Inger her på og mellom linjene skriv, kjenner eg luktar, lydar, form og fargar, tankar, ord og gjeringar som deim eg i min fyrste tyrste ungdom om sider fekk å sjå og smaka. Hjartans tusen takk fø turen Inger. Berre so du veit da, den gav meirsmak og har du lyst, har du lov te å dela med meg draumen om ein trillande trall langs rallarvegen.
SvarSlettGodt observert og flott skrevet. 😎
SvarSlett