tirsdag 2. juni 2020

Ferie - dag 4 og 3


Kosar seg no
I dag har eg gjort som alle andre nordmenn på ferie - gjort noko.
Eg har mala alle vassborda rundt huset. 
Naboen haddde stige og eg hadde maling og sola skein og det var berre å hiva seg i det!
 
Eg må ha vore malar i mitt eventuelt forrige liv - for eg hyggjer meg sånn med slikt arbeid. 
Og så viser det så godt igjen. 
At ein har gjort noko.
                                
                                         


Men før maledag, var det pinse og freden senka seg over bygda. Sola skein for harde livet og den raude rododendronen spratt ut.
Det er ljost heile natta. 
Månen er veksande og Kvitingen er framleis kvit.   

Før freden senka seg over nabolaget, fekk plenen (mosen)  seg ein omgang med plenklypparen.  Det såg faktisk mykje betre ut etterpå.
Har hatt ein tanke for biene, så eg let nokre blå blomar stå att til dei. 

Apropos bier - me har vepsabol inni balkongen! 
Det svirrar veps inn både til høgre og venstre. 
Ingen stukne til no. 


Svanefar og svanemor syner seg frå sine vakraste sider. 

Me har både svaner og ender i sundet.
Og ein dag kom andemor og andefar spaserande opp Norheimsvegen.
Eg var redd dei skulle verta påkøyrde.
Men det gjekk vel, så langt eg høyrde.
Dei vart observerte endå høgare oppe - i god behold. 


Grønare vert det ikkje.
Noko dei nye lamma nyt i fulle drag.

Eg har laga meg ei lita steinrøys.
Den største steinen i røysa, kjem frå Thomas sin hage.
Den har fått selskap av mange andre større mindre steinar som er plukka med frå her og der.
No i det siste, har den også fått selskap av nokre planter.
I dag fekk den selskap av ein lavendel eg fekk av to gode vener som kom på besøk.

Det er i disse dagar 5 år sidan me fekk meldinga om at Thomas hadde forlatt oss. 
Det høvde såleis veldig godt å planta eit nytt liv i røysa.



Det er ljose kveldar og månen veks.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar