søndag 31. mai 2020

Langs fjorden på sykkel

Folgefonna
Snakk om flaks!
Temperaturmålaren på balkongen viste over 20 grader, alt då eg opna døra frå stova.
Varmen og sola slo imot meg og det vart prompte bestemt at frukost og kaffi skulle fortærast utandørs. 



Gullur
Müsli og kaffi.
Godt innsmurd i solkrem frå Vossabia, var det ein nytelse. Utsikt mot Kvitingen og på Gullur var det det lite liv i telt-leiren.






Og på badeplassen i Grova, var det allereide fullt av folk. Sikkert med 1 meters avstand.

Veninna eg skulle sett Carmen saman med i Oslo, viste seg å også vera i Hardanger.
Nærare bestemt på Nes, midt mellom Norheimsund og Øystese. Dermed kunne me no slå mange floger i ein smekk med å treffast i Øystese.


Frå uteserveringa på
Hardangerfjord Hotel
I Kabuso var det siste sjanse å sjå utstillingane Etter alle solemerke  og Tre i Hardanger

Hardangefjord Hotel har så vidt opna og resultatet er kjempebra, etter det eg kan sjå.. 

Vandre-turen frå Øystese til Nes via Børvenes, kan ikkje gjerast utan nytelse!
Ein ekstra bonus er lokal guide.
Ho kunne fortelja  inngåande om kven som budde både her og der, i tillegg til anekdotar og spanande hendingar frå oppvekst på Børvenes. 


Då eg vaks opp i Norheimsund, var det så pass langt til Øystese, at me ikkje vart skikkeleg kjende verken med folk eller natur.
Dette kunne guiden min frå Nes gjera noko med og tok meg med opp i Neshagen, for å sjå den vidkjende og  freda Nes-eika. 



                



Vel heime, er det tid for middag på Balkonia, kor temperaturen framleis varmar.
Det vert wokka grønsaks-strimler i kveld. 
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar