![]() |
| Maks flaks med hensyn til været |
Det er mykje som er underleg.
Og underleg var det å vakna opp frå permisjons-bobla og oppdaga at mi tilnærminga til normalt arbeidsliv,var ei veke ferie.
Ei veke som i utgangspunktet tenkt å nyttast til ein tur austover, til Oslo, kor eg mellom anna skulle sjå Carmen på Den Norske Opera og Ballett. Ei gåve frå veninna mi på Lillehammer.
Ferien er lagt og eg kan ikkje anna gjera enn å ta den ut. I ferie.
Så no er eg her då. På ferie.
På eller i, Balkonia.
Nokon har uttalt at me nordmenn (kanskje nokon frå andre land også?) er meir opptekne av å tilrette leggja aktivitet i ferien vår enn på jobb.
I ferien MÅ me gjera på noko. Slappa av kan me gjera ein annan gong.
Og slik kjenner eg det også. Kva pokker skal eg bruka denne veke til, etter å ha vore permittert og hat "fri" i veker, for ikkje å seia månader?
Noko må eg finna på. Og sidan ikkje har noko hytte eller båt, får det bli her i nærleiken.
Hardanger - ditt næraste ferieland!
Hardanger har mykje å by på. Også heilt lokalt.
Steinsdalsfossen, Hardanger Fartøyvernsenter, Kabuso, Ingebrigt Vik museet, Storeteigen, Kvamskogen, flotte turområder, fjorden, nydelege badestrender, Thon hotel Sandven, det nye hotellet i Øystese, Hardanger Aquasenter m.m.
Heilt lokalt, i Norheimsvegen, har me hengekøyer og bøker.
Så i dag har eg utforska tur-hengekøya på balkongen før lunsj.
Etter lunsj vandra eg ned vindeltrappa til terrassen og inntok hengekøya frå Nicaragua.
Sykkeltur på den gamle DBS'en frå 1985.
Men heilt fyrst, vart det sykkeltur.
Mitt aller kjærastre framkomstmiddel, el-sykkelen, har fått skrapesykja.
Eg har pussa av støvet og pumpa opp dekka på den gamle, svarte DBS'en, kjøpt på Soldal'en i 1985.

Det vart Norheimsund rundt, ilag med ufatteleg mange andre. Mange tilreisande, såg det ut til. Beint så det var vanskeleg å halda 1 meters avstand.Men turen var fin den. Eg såg både fjord og fjell. Vel heime med toalettpapir og oppvask-pulver i sekken, inntok eg hengekøy nr 1.
Frå den har eg utsikt bort på Gullur og der såg eg at nokon her sett opp eit telt. Det gav meg ein ny idé eg kanskje kan testa.
Det er framleis litt kaldt i sjøen, så badinga lyt venta på seg.
Det har eg tenkt å jobba litt med i morgon også, etter det ny sykkeltur - og nye oppdagingar i nærmiljøet.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar