lørdag 25. april 2020

Fram eller tilbake?

Vinteren 1960

"Runde" dagar fører gjerne til ettertanke.  Både fram og tilbake. 60 år er mange år og det ville vorte ein heil liten "Knausgård" om alt skulle skrivast ned. Men noko set seg fastare att i hukommelsen enn anna. Og ikkje kan eg kategorisera det som viktigare enn anna. Det berre er der.

Då eg vaks opp, var syskjene mine så pass store at dei greidde det meste sjølv. 
Difor vart det god tid til regler og songar på mammo sitt fang, etter frukost, før ho skulle ta til med husarbeidet. Mellom svært mykje anna, song me Ingebrigt Davik sin "Fram og tilbake".
Og sidan har eg haldt fram med å ro - både bokstaveleg og i overført tyding.



ca 1963
ca 1964
Det har vel kanskje mest for seg å kikka framover, men eg er forviten av natur og likar å gøyma på gode minner. Både i tankane og i bildeform.
Me var mange og gode vener i nabolaget. Ein svær flokk i alle aldrar, som gjerne hadde tilhaldstad i hagen vår eller huset vårt.


Om sommaren gjekk det helst i utandørs aktivitetar. Me bada, rodde, fiska, låg i telt, leikte "gje vink", pakka ball, hoppa strikk og sykla. Og om vinteren gjekk me på ski og skøyter. På skøyter fekk eg utvikla mi interesse for dans, som eg stadig trena på for meg sjølv i mangel på lokal danseskule.
Mine veninner vart meir eller mindre frivillig, kommanderte til å vera publikum, når eg hadde danseopptreden, gjerne også kombinert med song. 

Framsyninga vart avslutta med kommadoen; "KLAPP!", då publikum var meir opptekne med å lesa Donald og ikkje fekk med seg at framsyninga var slutt.


Juleframsyning på Framnes ca 1978
I 1974 dukka det opp ein eksotisk fugl frå Bahamas, med lang erfaring frå ballett-verda. Ho var 12 år og eg var 15.
Eg drista meg til å spørja henne om ho kunne tenkja seg å læra meg litt av det ho kunne og det kunne ho.
Ikkje lenge etter, var "the Super Six" eit faktum og me hadde framsyningar på høgt nivå, mellom anna på 17. mai og den årlege jule-framsyninga til Norheimsund idrettsalag, på det som den gong heitte Framnes Folkehøgskule. Dansegruppa haldt det gåande fram til 1980, då under det eksotiske namnet "the Oreos".
Ho var ein fantastisk læremeister. Og venskapet og minnene har me, sjølv om me no bur på kvar vår kant av Atlanteren.





Og kva ein skal verta når ein vert stor, det har eg til dags dato fundert på. Det fyrste som uansett for min del skulle utforskast, var verda.
Sekken vart innkjøpt i god tid. og då han vart pakka, vart han sjølvsagt altfor tung.  Den gong var det reisesjekkar som var gangbar mynt i utlandet og mageveska var stappa av sorten. Flybilletten tur/retur Oslo - New York, kosta litt meir enn det den gjer i dag og avgårde bar det. Saman med ei veninne farta eg på kryss og tvers av Usa og Canada i 6-7 månader.
Deretter var det heim att for å spara opp til neste tur. Då var det ca 1 år i motsett retning. Ei lære for livet og ei "utdanning" eg aldri har angra på. 


Prosjekt på tømrarlinja 1985
Laftekurs i Rauland 1986
Men kva skal ein leva av?
Snikkar, kanskje?
Båt-byggjing?

Lafting?
Det måtte definitivt verta noko praktisk. 







Dåp av Mathilde


Dei neste åra gjekk med til å tilnærma seg dette faget. Fyrst praktisk, tømrarlinja og restaurering av Mathilde. 


Spania 1998

Deretter teoretisk og til slutt Kultur og ledelse på høskulen i Bø i Telemark.
På vegen dit, traff eg mann og fekk barn og vegen tok ein ny retning. Eller rettare sagt, mange nye retningar. 
Hus og heim. To flotte søner. 


Spania 1998

Bustad i
Odda, Norheimsund, Bremen og attende til Norheimsund.


Hardanger Fartøyvernsenter, Hardanger Trebåtfestival, Oseana, Kabuso, Thon Hotel Sandven, frilans "kulturavløysar",  resepsjonist ved Kode Kunstmuséer og komponisthjem i Bergen. 


Brisbane 2014/2015
Selje










Eg har nådd ein alder av 60 år.
Verda er i karantene og mange av oss er permitterte. 
Mykje tid til tankar og ord.  
Dette er nokre av mine.


                                          
Tomas vart 59

 
                 









2 kommentarer:

  1. So fin oppsummering av levd liv ������Klem frå Merethe

    SvarSlett
  2. Tusen takk Merethe!
    Veldig kjekkt med tilbakemelding

    SvarSlett