torsdag 2. april 2020

Klem-mer




Det har i grunnen gått greitt dette. Kan ikkje klaga. Har gått på tur, sykla og ete meir enn godt er.

Likevel er det noko som gneg. Noko som manglar. Noko som muligens er medfødt og ibuande i oss alle:
behov for menneskeleg kontakt - behov for eit handtrykk eller ein klem.


Det slo for alvor inn i går, etter at eg hadde gått ein tur saman med to veninner og ein hund.
Me skratta og lo. Preika om notid og fortid og framtid og sjølvsagt om korona.
Etter om lag ein time var me attende til utgangspunktet og skulle seia på gjensyn. Og det skulle gjerast utan ein klem - noko som i grunnen til no har gått greitt, som sagt.
Men i går kjende eg at dette verkeleg var noko eg sakna - og sa på gjensyn med kommentaren; klem kvarandre de som kan!
De som har nokon det er forsvarleg å klemma på.

Me er mange 
i verda som lever aleine, men dei fleste av oss kan gje og få ein klem i ny og ne, om me skal no ha lyst til det. Noko som også har vorte meir og meir vanleg i samfunnet vårt. 
I somme land er det også vanleg helseritual å kyssa på kvart kinn ein to-tre gonger. Gjerne opp til fire. Korleis helser dei i disse tider. Er dei nøgde med ei hand på bringa?

Dette er definitivt grunnlag for eit forskningsprosjekt innan akademia. Og nokon må ha funne ut det, reknar eg med.

Svaret skal verta interessant.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar