fredag 27. mars 2020

Vaskefiller, fyr i omnen og åndeleg føde


Tenkte at eg skulle skriva litt om noko som omhandlar noko anna enn corona. Men eg er sanneleg ikkje sikker på om det finst tema i disse tider, som ikkje tanderer corona, same kor ein snur og vender på det.

Nokon eg kjenner perlar seg ei gardin til stovevindauget. Nokon andre eg kjenner broderer breiaband og bringeklut til barnebarnet. 



Andre har rigga seg til med studio  inni skapet til dottera og produserer program for nrk-jazz. Og idag såg eg at det går an å spela tennis på altanen.
Det er ikkje måte på kreativitet i disse tider. Det skal han ha, denne ufrivillige isolasjonen.

Sjølv er eg 
som tidlegare nemnt, utandørs innimellom. Sykkelen er i bruk og det same gjeld  beina. Eg ruslar det beste eg kan.
Innandørs les eg litt bøker, vaskar litt vindauger, høyrer pod-castar, ber ved 
og dansar litt med.  
Men det meste av tida, må eg innrømma, går med til å kikka på både gamle og nye tilbod på ein skjerm.
Ikkje det mest kreative, med andre ord. 


Men sant må seiast, attåt film-kikking har eg faktisk produsert pulsvarmarar av det eg kunne finna av restegarn.
Og i går fann eg fram posen med bomullsgarn. Masse flotte fargar som sikkert kan nyttast til noko.
Så no er eg igang med produksjon av vaskefiller. Fort og effektivt og heilt sikkert til nokon si nytte ein dag.

Nyheiter har eg mest slutt å høyra/sjå på. Kan faktisk få angst av mindre.
Ikkje det at eg ikkje er interessert og eg stikk ikkje hovudet i sanden.
Men heile tida kan verta litt voldsomt.
Spesielt når her vert antyda at me skal leva med tiltak til langt ut i 2021.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar