mandag 16. mars 2020
Det er viktig å kosa seg
(eller som ei av mine svigermødre ein gong sa;
man må kose seg mens man har seg)
Det kan verta lange dagar med ny hofte OG corona-avstand. Sjølv om det er råd å ta seg ein sykkel-tur innimellom og det er mykje å sjekka på Netflix.
Så er det musikken då. Hyller opp og ned med cd'ar og lp'ar som sjeldan vert lytta til. Dei må få seg ein sjanse igjen, tenkte eg.
I tillegg oppdaga eg at eg faktisk er kapabel til å dansa!
På mitt vis.
Her var det berre å plukka fram dansemusikk frå mine glansdagar som danse- / gym-instruktør.
Og her er det mykje velgja i.
Deilig dansbar jazz, country-rock, pop, afro, reggea og disco i ein herleg blanding.
Fann ein heimabrendt cd med Chaka Khan frå 1981, som eg tydelegvis hadde fått som takk for dansen etter ein fest.
Doobie Brothers (sjølvsagt), Steely Dan, Beady Belle, Bernhoft, Sting.'
Husværet mitt eg konstruert slik at det går ein open passasje i sirkel - og den har no blitt forsert mange, mange gonger. Og endå har mykje meir som skal gjennomhøyrast/dansast.
Perfekt opptrening. Absolutt å anbefala!
Og bonus; ein vert glad!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar