Mi trufaste handle-dame er på ferie.
Så då behovet for kaviar og kaffi uventa kom over meg, etter å ha hatt sonen heime i helga, måtte eg tenkja ut ulike alternativ til å få det naudsynte påfyll i hus.
Eg tenkte fyrst å ta beina og krykkene fatt. Dette har eg med hell, testa ut ein gong tidlegare.
Likevel kvidde eg meg litt å gå så pass langt som det faktisk er, til butikken.
Då kom eg på at det står ein nydeleg DBS el-sykkel i kjellaren min. Den har korger både bak og framme.
Den må det no vera råd å forflytta seg på no når eg er så sprek (etter forholda)
Som tenkt, så gjort.
Eg pakka meg inn i regntette klede og tok ut nedetter Norheimsvegen. Ned gjekk som ei kule.
Fyrst til Spar'en og så til Prix'en. Kaffi og kaviar vart innkjøpt, pluss sjølvsagt noko lite til, som ikkje stod på handlelista.
Med lågaste gir og høgaste drahjelp, kom eg meg opp att til heimen.
Og det mest sannsynleg, utan varige mein, etter det eg kan sjå.
Ikkje anna enn dei eventuelle kiloane eg legg på meg av den deilige sjokoladen som heilt tilfeldig, også havna i handlekorga.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar