![]() |
| Foto: Margith Skurtveit |
For tida har eg definitivt min.
Ein lang pust, med krykkjer.
Den siste hofta er skifta ut og eg ventar på at resultatet skal verta; god som ny!
Eg har funne fullstendig roen. Søv godt om natta og kjedar meg aldeles ikke om dagen. Kvar dag startar med tøy og strekk og aktivering av musklar slik at ganglaget skal verta så normalt som mogeleg.
Etter 1,5 veke, tykkjer eg at framgangen er formidabel! Eg har trua.
Eg er umåteleg takksam for å bu i eit land som er så langt framme når det gjeld ortopedi.
Og at eg er så heldig å få utføra disse nødvendige inngrepa på små og oversiktlege sjukehus (Lærdal og Hagevik)
Berre å vera der er ein pust i bakken i seg sjølv (når ein ser bort frå smertene). og ein treff på det same personalet fleire dagar på rad. Og dersom ein ringjer dit, kjem ein fram til rette vedkomande og får svar på det ein lurer på.
Eg heiar på små sjukehus, eg.
Så lenge dei som jobbar der, har kompetansen og kjenner seg trygge på det dei skal utføra.

Så kjekt! Vi er heldige som har eit så fantastisk helsevesen. Så å seie gratis óg. Håper hofta vert god som ny!
SvarSlettIkkje minst at det er gratis, Ann-Mari.
SvarSlettDet er veldig viktig for meg. Stadig dukkar replikken "have no health insurance" opp i amerikanske filmar:
Dei får kanskje ein ny VELDIG dyr corona-forsikring no?