søndag 22. desember 2019

London

Det er to bøker frå barndomen min, som skil seg ut i min hukommelse.
Den eine er "Maria og katten i Venezia
" av Marie Takvam. Den andre hugsar eg verken tittel eller forfattar på, men den handla om Tower of London og Beefeater'ane.
Så begge disse stader, er noko eg må sjå med eigne auger.

Og i ein alder av alderen min, hadde eg enno ikkje vore verken her eller der. Berre ein haug med andre stader. Så min ven Arve, meinte det var på tide. Som sagt, så gjort; brått sat eg med ein flybillett til London i innboksen. 


Jaja, det er vel berre å hiva seg i det.
Så kan Venezia koma ein annan gong.
Og Svalbard. 

Det vart ingen tur på skøyter,
men isbanar var det både her og der.

Me landa etter mørkets frambrot og hadde sett for oss at det var vanskeleg å ta seg fram. Feil nr 1. Det var kjempelett! Stor by med fungerande offenteleg kommunikasjon. Så etter ca 1,5 time, var me på plass i heimen me skulle besøkja i nokre dagar.

Så her var det berre å ta for seg. Mange steg og mange opplevingar og mykje å sjå.
Og oversikt over det som seinare skal sjåast i denne byen om det vert ein ny sjanse.


Mary Quant-utstilling på V&A
Sukk!





Eit ekorn i Hyde Park
  

Gjøk og sissik, trost og stær.....
Utsikt frå London Eye

Tower Bridge




Og siste dagen fekk eg endeleg oppleva det eg kom for å sjå -  The Beefeaters.
Kvifor dei har fått dette namnet, er det mange forklaringar på. Men at dei i opprinnelsen må ha ete mykje kjøt, det er dei einige om.

Og årsaka til at eg har lete meg fascinera av disse vaktene (no guidane) var altså nok ei bok frå barndomen. Ei riktig så spanande bok om The Tower of London. Og det skjedde mykje greier der i middelalderen.
Dette og mykje anna, er dei no høgt skulerte guidane, dei beste formidlarar av.
Dei legg ingen ting i mellom verken når det kjem til halshogging, blod eller tortur.

Vel verdt besøket!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar