- dog ikkje i ensomt monarki.
Miljøvenleg og økonomisk (?) som eg er, var eg ute i god tid med kjøp av billett då eg bestemte meg for ei helg på Lillehammer. Og for å få mest mogeleg ut av helga, satsa eg friskt og tinga meg sitjeplass på natt-toget.
Eg sov sist eg reiste på den måten og tenkte at det går heilt fint.
I bagasjen hadde eg pakka med meg ein tynn sovepose og ei god pute. Så med lydbok frå biblioteket, såg eg fram til ein roleg tur over fjellet.
Og eg fekk sova. Litt.
Men det hende likevel at eg var vaken innimellom. Då var det med stor interesse, eg observerte det som skjedde rundt meg. Sånn i smug.
Det var sanneleg ikkje alle som hadde fått med seg at dette var eit natt-tog. Heller ikkje veit eg om eg vakna av meg sjølv eller det som skjedde i togvogna, men det er no heller av uvesentleg betydning. Reiseforma var fullstendig frivillig.
Men at personen eit par seter bak meg, som opprinneleg hadde plass ved sida av meg, hadde ein fantastisk ringetone, det skal vera sagt. Lyden kunne måla seg med ringeklokka på Norheimsund Barneskule i 1967. Og den gav lyd frå seg ganske mange gonger i løpet av natta. Ikkje løye han ville byta sete til ein rolegare plass, bak i kroken.
Og to seter fram, skulle dei oppdatera familien så lenge. Ein familie som antageleg befant seg på andre sida av jorda. Ein familie i ei tidssone der borna var veldig små og veldig vakne. Og samtalen foregjekk på høgtalar.
Vel framme i Oslo, var det berre å gå til andre sida av perrongen, for å ta toget vidare. I alle fall sa konduktøren det. Det han ikkje sa, var at det toget som kom fyrst, berre skulle til Eidsvoll. Og at Eidsvoll kjem før Lillehammer, noko eg sjølvsagt burde visst. Og for så vidt veit, men ikkje klokka veldig tidleg om morgonen. Han sa heller ikkje at det toget som kom fyrst, var pittelitt forsinka, slik at det kom sånn omtrent då det toget som skulle til LIllehammer, skulle koma.
Så då alle om bord gjekk av på Gardermoen, ante eg ugler i mosen.
Toget stansa på Eidsvoll og heldigvis kom ein kjempehyggelig konduktør som visste råd. Eg kunne hoppa på toget til Lillehammer som kom like etter, berre eg kom meg over (under) til neste perrong. Eg jazza avgårde og kom opp på neste perrong i det same toget til Lillehammer rulla inn på stasjonen. Men ikkje på min perrong! Nei, det rulla inn på den eg nettopp hadde forlatt i ein hesebles. Og før eg var komen attende dit, var toget gått.

Men heldigvis, her var det kun ein time til neste. Så eg sette meg ned på ein benk og nistirra på skjermen, for å vera sikker på at det ikkje var eit nytt perrong-skifte på gang.
Etter å ha sete ute og nistirra, i halvkaldt og vått haustver, må eg seia det var godt å koma om bord i rett tog til rett destinasjon.
No er eg i hus.
Her er nyoppreidd seng og varm te.
Dette vert ei bra helg!
Og om eg tek natt-toget fleire gonger?
Ja, det trur eg. Eg må berre vera litt meir observant!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar