Av og til ser eg på programma der arkitektane syner fram heimane sine.
Og somme gonger gjer det også litt vondt i misunnelses-senteret.
Det er så mykje fint der ute.
(Og av og til noko stygt.)
I går såg eg programmet om Aina/Einar Dahle. Det gjorde godt.
Og noko ho sa gjorde endå betre;
Ein definisjon på ein god heim, er ein heim du ikkje vil forlata. Ein heim du vil koma heim til.

Eg har gjerne tenkt at eg er altfor heimekjær. Her eg stressar avgårde for å nå bussen heim. Eg MÅ heim, så fort som mogeleg.
Og årsaka har heile tida vore den at eg har ein god heim!
Det er jo ganske flott, tenkjer eg.
Eg har verdens rekord i "nips". Det heng saker og ting på dei mest utrulege stader, i den vesle heimen min.
Det er noko av det som gjer det det til ein god heim.
For meg.

For nokon er det å ha ein god heim, det å ha ein hage. Og for andre er ein god heim, å ha ein verkstad.
Men definisjonen er uansett; "et hjem du ikke vil forlate. Et hjem du vil komme hjem til".

I kveld forlet eg heimen.Eg tek toget over fjellet for å besøkja gode vener.
Dei har også ein god heim å koma til, så overgangen er ikkje så stor.
Og på mandag er eg heime att.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar