Borte bra men heime best.
Eller ikkje.
Det kjem nett an på samanhengen.
Når det å vera borte kjennest som heime, er det å vera borte like bra som å vera heime.
Eg er super glad i heime.
Og reiser heim så snart eg kan.
Som etter jobb for eksempel.
Men no kjenner eg at dragninga til meir "borte bra", er ganske sterk.
I går fekk eg den gledelege melding frå Norsk Tipping, som alle ventar på. Den om at eg hadde vunne!
Det var berre det at summen var 45 kroner.
Det held ikkje til eit husvære på Kreta.
Men draumen er det viktig å ta vare på. Og draumen dyrkar eg som det skulle vera ein urteplante. Vatnar han og pratar med han og passar på at han held seg i live. Det kjem eg til å halda fram med, så lenge eg har evne til det.
Eg er attende i Skandinavia.
Det er haust.Alt på veg inn frå Kastrup, såg eg folk med luer og støvlettar, og eg førebudde meg difor på kulde.
Men det var ikkje så gale.
Ikkje akkurat gresk temperatur, men ingen klage frå denne kanten.
Livet er meir mangfaldig med årstider.
Etter ei overnatting i København, var det klart for 8 timar på buss.
Gjennom ukjende farvatn, under vatn, over bruer, gjennom byar og øde landskap. Forbi to grensepostar, kor alle måtte ut, finna kofferten sin, ta den ut av bagasjerommet, leggja den inn att og gå ombord i bussen att.
Trur eg.
Livet er meir mangfaldig med årstider.
Gjennom ukjende farvatn, under vatn, over bruer, gjennom byar og øde landskap. Forbi to grensepostar, kor alle måtte ut, finna kofferten sin, ta den ut av bagasjerommet, leggja den inn att og gå ombord i bussen att.
Undervegs møtte me ein lang kø, som gjorde at me kom 1 time for seint til Oslo. Men me kom fram og det var fint.
Og ellers besøkt familen.
Nattoget til Bergen med sitje plass, gjekk strålande og no er eg komen inn døra heime. Her lever plantene i beste velgåande og posten ligg på benken og ventar på meg.
Me har fått ny oppkøyrsel for 4. gong (trur eg), taket er tett og me kan gå vinteren med eventuelt meir regn, trygt i møte.
Trur eg.
Takk for turen!




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar