fredag 27. september 2019

The bitter end


Musikken er den same. 
Mannen er svært forandra.
Hår og sjegg er kortklippa og han må ha slanka seg ein mengde kilo. 
Eg kjende han ikkje att med det same,men blikket, observasjonsevna, er den same. Eg snakkar om eigaren av den idylliske vesle restauranten Palio Kantouni.

Eg har fått servert ein karaffel med lokal raudvin og er plassert attmed bordet dei brukar når dei har tid til å setja seg ned ein augneblink. Eg kjenner meg priviligert.
Det er, som alltid, fullt i den vesle restauranten og dei er to som spring rundt og oppvartar dei særs nøgde kundane.

På kjøkenet står det to personar til. Dei kokar og brasar etter beste evne. Og dei evnene er nok gode. Enkel men svært smakfull mat, vert servert her. 

Sidan eg set her, kjem nøgde gjester innom bordet og takkar meg for ei fantastisk oppleving. 
Eg nikkar og seier "parakallo" når dei seier "efharisto".
Morsomt.


               

I går var eg saman med to britiske vener til Erapetra. Det er ein by på sydsida av Kreta. Me tok buss og det var ein tur gjennom nytt terreng. Vel framme, rusla me rundt og tok oss ned til hamna, kor me fann oss ein taverna rett i fjøresteinane. Etter ein deilig lunsj, med utsikt ut til Christi øya, rusla me vidare og tok ein omveg opp att til buss-stasjonen for å ta bussen "heim".



Eg har bada. Til den bitre slutt. Måtte slita meg sjølv ut av det salte vatnet. Det er den siste dagen i dette velsigna landet som eg er ein av dei mange heldige, som får lov til å låna litt. Eg har dusja (I kaldt vatn. Det var tomt for varmt nett då). Og eg har pakka kofferten. Den ganske romlege, morsomme, firkanta gamle kofferten, som tidlegare har gjort nytten lika til Australia.  



Ellers har eg no på tampen, funne det flottaste naturlege "pool" ved nokre svarte, mjuke klipper like ved sentrum av Elounda. Men likevel ein godt gøymt hemmelighet. Klart vatn og rullesteinar. Ein djup kulp, på ein måte, men likevel ein del av havet. Eit naturleg utendørsbasseng med salt vatn.

Og rett utanfor, openberra seg den lenge etter-leita undersjøiske byen, Olous.
No har eg endeleg funne den.
I alle fall deler av den.
Trur eg.

Vegen heim att går med buss, fly og buss igjen.
Klokka 06:55 tek eg taxi til Agios Nikolaos. Og derifrå går det buss til Heraklion internasjonale flyplass. Eg har rekna god tid. Men eg tenkte at det var/er lurt å leggja inn litt ekstra god tid, for å vera sikker. 
Det har vore mange ombookingar av folk som har "stranda" på grunn av at reiselivs-giganten Thomas Cook har gått konkurs. Sånn over natta, liksom. Fullt
kaos rundt omkring. 

På attsyn









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar