søndag 22. september 2019

På jakt etter Olous – igjen

Lånt frå https://eloundagardensuites.com/ancient-olous/

 .

Atlantis forsvant i havet og vart aldri meir sett.
Olous derimot, skal finnast rett under havflata utanfor Elounda. Byen eksisterte på Minoisk tid, 2700 - 1450 før Kristus og var ein av dei hundre viktigaste byane i det antikke Kreta.Olous hadde i sine velmaktsdagar over 30 000 innbyggjarar, så det var ikkje noko småtteri.





Sist eg prøvde å finna Olous, og trudde eg hadde funne den, var det salt-bassenga, eg hadde funne. Eitt av mange områder kor det vart utvunne salt m.a.o.

Difor var eg denne gongen føre var og spurde meg for hjå folk som er lokalt kjende. 
Etter å ha fått nøye beskreve kor dette skulle befinna seg, la eg i veg med nytt mot. 
Men også denne gongen utan hell. Eg såg ikkje ein grunnmur ein gong. 
No kan det henda at det var på grunn av vinden og at sjøen av den grunn var for uroleg til at det var råd å sjå noko som helst utan dykke-utstyr.

Difor slo eg meg til ro med at eg heller ikkje denne gongen, fann noko som kunne sjå ut som Kreta sitt svar på Atlantis.


Og slo meg til ro gjorde eg. Eg fann meg ein vegg i ly for vinden og slo opp min medbrakte stol og haldt fram med å lesa i boka eg har lånt på biblioteket;
"Hvordan gi litt mer f*en". Ein tittel som passa fint og som er inspirert av ein uttale Per Fuggeli kom med i si tid.
Han meinte det – at kunsten var å kunna gje litt meir faen. Rett og slett.










Sjølv går eg med to bokprosjekt i magen;
"Kunsten å opna ei dør – erfaringar får ein resepsjon"

Og i dag kom bokprosjekt nummer to for ein dag;
"Kunsten å ikkje gjera ein dritt – og å nyta det".



Eg veit ikkje om det nokon gong vert noko av disse bøkene. Uansett vert det nokre små, tynne og reisevenlege bøker.

Men halve gleda er å planleggja.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar