Årsaka
til at eg i det heile tatt havna på denne plassen, var at ei veninne av meg i si tid, hadde vore her. Ho sa til meg at
dette måtte vera ein bra plass. "Dei
har til og med bokhandel", sa ho.
Det måtte no vera eit bra teikn, tenkte eg og reiste hit saman med Thomas.
No har eg etter 5 år, endeleg funne denne bokhandelen!
Godt gøymt mellom postkort-, badesko- og souvenir-utsal, låg har der. Midt i gata.
Eigentleg også godt synleg. Det er berre det at eg har trudd eg har sett etter noko heilt anna. Ein bokhandel ser liksom annleis ut i mine norske auger.
Men
det er altså då årsaka til at eg har havna her.
I dag
var eg turist.
Noko
eg for så vidt er kvar dag. Men i dag var eg det ilag med nokre
hundre andre.
I dag besøkte eg fortet Spinalonga. Offisielt er namnet Kalidon, men dei fleste kallar likevel øya for Spinalonga.
I dag besøkte eg fortet Spinalonga. Offisielt er namnet Kalidon, men dei fleste kallar likevel øya for Spinalonga.
Opprinneleg var ikkje Spinalonga ei øy, men ein del av Spinalonga-halvøya. På slutten av 1500-talet vart ho rett og slett hogd frå, av forsvarsmessige hensyn og ein festning vart bygd på toppen av ein antikk akropolis (høgborg) på toppen av øya.
Eg seier fort
og ikkje leprakoloni. For det er tydeleg at det no vert fokusert
mykje meir på den eldre historien og alle dei fastbuande som det den gongen var der.
Og
mykje har vorte annles, reint museumsteknisk, på berre eitt
år.
Stiane rundt på øya er rydda og merka.
Det står no skilt som fortel om kor ein er og kva ein ser.
Det er konstruktivt arbeid på gang og ryktet seier at Unesco har Spinalonga i kikkerten.
Kjem dei på lista som verdsarv, vil det nok frigjera midlar til å rusta opp endå meir.
Med så mange besøkjande, slit det kollosalt på det meste der ute.
For der er framleis att vakre minner frå den venetianske perioden.
Inni husa, som me ikkje har tilgang til, kan ein finna restar av denne tida. Det finst mosaikk og brustein av høg klasse.

Mykje
av dette har tidas tann likevel tatt seg av, og noko er erstatta av
betong.
Mykje vart dessutan øydelagt på den tida då øya vart lepra-koloni.
Dei som vart sende ut dit, hadde lite og ikkje å hjelpa seg med, og tok difor nytte i det som var att etter venetianarane, osmanarane og deira familiar.
Store vakre heimar, vart delt opp og bygd om, for å husa fleire.
Etter at kolonien vart fråflytta, vart mykje "hærteke" av uvedkomande og både gamalt og nytt forsvant frå øya.
Då Spinalonga vart opna som museum, måtte myndigheitene ta tak og gjera historikken synleg, slik den har vore fram til våre dagar.

Og midt i mylderet, traff eg 5-6 sunnfjordingar.
Bonus
for turen, kom i form av at båten tok ein ekstra runde rundt øya, før me vende baugen inn att mot land.
Og på land venta mine to britiske vener sidan 2015.
Det var svært hyggjeleg!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar