Sommaren har omslutta meg igjen. Denne gongen i eit nytt land.
Hellas.
Nærare bestemt Kreta.
Nærare bestemt Kreta.
Sakte vaknar kvardagslivet rundt meg til liv.
Ein fiskebåt tøffar utover og himmelen speglar sjøen i raudgule fargar.
Det er stille, varmt og vakkert.
Ein fiskebåt tøffar utover og himmelen speglar sjøen i raudgule fargar.
Det er stille, varmt og vakkert.
Det er så godt å koma attende til ein stad kor ein er kjend. Ikkje det, eg har absolutt vore ein person som likar å utforska nye stader. Men no kjenner eg at eg vil utnytta dei fridagane eg har, på ein måte som gjev glede og energi utan at det tek altfor mykje krefter.
Difor utforskar eg nye stader innanfor eit kjent område.
Og det er fint.
Her treffer eg att gamle kjente, som eg etter kvart kan kalla vener.
Nikos, som omtrent ikkje har vore til fastlandet. Som ikkje har sett verken Knossos eller Akropolis.
Nikos, som omtrent ikkje har vore til fastlandet. Som ikkje har sett verken Knossos eller Akropolis.
Kanskje han ein gong har vore på Spinalonga med klassen sin? Han hugsar ikkje heilt.
Livet har vore fiske og oliven og eit liv oppi fjella. Seinare familie og strandvakt for eit fint hotel.
Livet har vore fiske og oliven og eit liv oppi fjella. Seinare familie og strandvakt for eit fint hotel.
I 1715 erobra tyrkarane Spinalonga. Etter opprøret på Kreta i 1866, var det mange osmanske familiar som kom til Spinalonga. I 1881 danna 1112 osmanarar sitt eige samfunn og vart verande der til dei siste forlet øya i 1903.
Frå 1903 til 1957 vart øya nytta som spedalske-koloni. Og det er nok difor dei flesta av oss kjenner til denne vesle prikken i verda. Victoria Hislop har i sin roman "Øya" (på norsk i 2007), skapt ein historie om ein familie som fekk livet snudd på hovudet på grunn av denne sjukdomen. Brorparten av dei som dagleg finn vegen ut til Spinalonga, er nok lesarar av denne boka, som så totalt tok verda med storm.
I fylgje min ven Nikos, er Spinalonga etter Akropolis, Knossos og Delfi, den 4. største turist-attraksjonen i Hellas.
I 2018 var det 397 000 som løyste billett for å gå på land der.
Ikkje alle like interessert i den tidlege historien, men meir interessert i å ta selfies og sjekka om boka stemmer.
Eg er ein av dei som vender attende til Spinalonga. Og kvar gong finn eg noko nytt eg ikkje har sett før. Det beste er å rusla rundt og kjenna på alle åra som heng att der ute.
Som sagt, ein pitte pitte liten prikk i det store univers.
Planen idag er å leiga sykkel og ta "øvstevegen" til Plaka. Det vil verta varmt og tungt. Men med nok vatn tilgjengeleg, skal eg greia å gjennomføra det.
Turen tok 4 timar.
Nedstevegen tek omlag 15 minuttar å tilbakeleggja på sykkel.
Eg like mykje gjekk som sykla oppetter fjellsidene. Vegen gjekk slik eg ein gong lærde å forsera oppetterbakkar på ski, att og fra. Og det var like greitt. Det vart kvile og drikkestopp under kvart einaste oliventre oppetter.
Tankane om ein låt med teksten; "sitting in the shade of an olive tree", kom meg meir og meir i hu. Har nokon skreve noko slikt, mon tru?
Og eg fekk sjølvsagt "Waltzing Mathilda" på hjernen, berre med Olive tree i staden for coolibah tree.
Langt oppi lia, fann eg ut at turismen absolutt hadde hatt sin tilstedeværelse eingong i tida. Både badebasseng og taverna hadde tydeleg hatt sin plassering her for ei stund sidan. No var det berre isboksane og utsikta att.
"An old mean yellow dog"
(dette uttrykket stal eg no frå filmen "Broene i Madison county") kom halsande då eg prøvde å dokumentera det forefallande (forfallet), så det gjekk svært kvikkt for seg...
Eg er ikkje så vane med hundar - og har stor repekt for dei.

Etter nok ein liten tettstad, med postboksar, taverna og ein del fastbuande, byrja vegen å venda nedover att. Det var faktisk ganske deilig, då både krefter og vatn såg sin ende.
Vinden tok tak i det vesle eg har av hår og det var deilig å berre sleppa seg utfor og trilla nedover og nedover.
Ned til Kretahavet og eit velfortent bad.
Syns no eg i alle fall!

Eg kjenner lukta, eg kjenner smaken, motvind i kinna, eg kjenner ømme baken.........kjekt å lesa dine tankar, ord og gjerningar på Kreta. Mitt kjennskap til nevnte element er nærare 40 år gamal, men som eg skulle hugsa den frå igår. Mangt og mykje sjelefred å kvila augo på i gjensyn av gamle freda andlet ein møter der ein har vore før. Ut på tur, aldri sur. Dette kan du Inger, kunsten å nyta alt og alle der ein til ei kvar tid er. Me sjåast snart i London! Stor klem, Arve/Paris/Gitten.
SvarSlett