onsdag 11. september 2019

Fyrste etappe





Det er ferietid.
Kanskje ikkje sånn vanlegvis, men for meg er det det.


På fyrste etappe har eg opphelde meg i nærare himmelstrok, nærare bestemt Danmark. Fyrst i København og no på Falster.










I København var me turistar. Tivoli, kanalrundfart, Den blå planet (akvarium), Rundetårn, Kødbyen og middag på restauranten Naert
Byen har mange kyrkjer og tårn. Det skal vera visst.

Planen om å få sett meir av byen, vart det ikkje plass til. Ein del av å besøkja ein by, er å rusla litt rundt og berre vera, må veta. 
Så det gjorde me. 







Turen til Falster gjekk med buss, sidan tog ikkje var eit alternativ nett no. 
Det er ikkje berre i Norge ein har tog for buss.

Langt ute på landet. Ikkje katt og kaniner, men hund.
Om morgonen kjem det harar på besøk i hagen. Av og til stikk det også nokre rådyr innom og i dag ein fasan. 










Stranda er rett ved. Milevis med nydeleg strand og fint å gå på tur.
Det var ikkje nett badetemperatur i dag - men kanskje i morgon. 








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar