Det er framleis nokre dagar att før det er ein realitet.
Kjenner at eg tenkjer mykje på det og kofferten vart pakka i går, tirsdag.
I helga, då eg skulle heim frå helgevakt på KODE i Bergen, var det tre bussar som skulle i retning Norheimsund.
Det var ein som var stapp-full, ein som var nesten tom og eg vart putta på ein som skulle på "klassetur" til Kvamskogen.
Det var ein "vel-kjemma" skuleklasse. Stille og rolege. Ei stund.
Så kom disco'en på!
Det var berre utruleg morsomt. Her var det min ungdoms musikk på full guffe bak i bussen.
Toto, Bee Gees, Earth Wind and fire osb.
Så for meg som elskar å dansa, var det rett før eg spratt opp, då Earth wind and fire og September fylte bussen!
Endå meir ferie-lengt og glede flaut gjennom kroppen og dei fekk fram eit stort glis i ansiktet mitt.
Ikkje det at eg dansar så voldsomt i ferien, men noko var det.
Mange takk!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar