Eg er av dei heldige som er eigar av ein el-sykkel. Ei gåve frå mine to søner og eit framkomstmiddel eg set umåteleg stor pris på!!
No har Den kjære sykkelen min vore ute av drift. Ladaren slutta å virka og eg måtte finna fram min nydelege, gamle DBS 3 girs, som har blitt 7 girs, frå 1985!
Den er sjølvsagt den beste erstatningen eg kan ha, men den dreg ikkje i oppoverbakkar!
Så difor har eg vorte svært glad i og avhengig av min nye DBS, med mange gir og batterihjelp!
Den har fått påmontert korger både framme og bak. Og det med handling går som ein draum.
Dei som trur at ein blir lat av å ha el-sykkel, tek nok feil.
Aldri har eg sykla meir enn eg gjer no. Det er så lett å ta ut.
Lengre turar freistar mykje meir enn det gjorde tidlegare.
Berre ein har straum.
Og ein ladar som virkar. Då er det berre å kasta seg på hjul!
Vert litt tankefull i forhold til straum og ikkje minst internett, no i disse ras-tider.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar