Eg har ete frukost og set med ein kaffikopp i ein tom
salong.
Eg har opphelde meg i fleire salongar dei siste 10 timane – og her er nesten ikkje eit menneske å sjå.
Frukost salen var full, så det er definitivt folk ombord. Men kor oppheld ei seg? På dekk?
Eg har opphelde meg i fleire salongar dei siste 10 timane – og her er nesten ikkje eit menneske å sjå.
Frukost salen var full, så det er definitivt folk ombord. Men kor oppheld ei seg? På dekk?
Då eg
gjekk over landgangen i Molde kl 21.15 onsdag kveld, var eg spesielt
glad for å oppdaga at MS Vesterålen var eit skip med vørnad og
historisk sus. Den var bygd i 1983 på Kaarbø mek. Ikkje så veldig
lenge sidan? Faktisk 36 år. Den har dåmen av historie over seg.
Lite er endra, sjølv om den vart pussa opp 1995.
Etter
å ha vandra litt rundt i korridorane, fann eg vegen opp til
panorama-salongen. Der kom eg i snakk med ei dame, som mest
sannsynleg trudde at eg var tysk. For ho la i veg på tysk utan å
spørja. Og heldigvis var eg i stand til å svara. Om ikkje som ein
innfødt tyskar, men heilt innanfor forståelsen til dama. Ikkje ein
gong då spurde ho. Komplement?
Det var ingen ting å seia på panoramautsikta, anna enn at den kun var sidelengs. Det finst sikkert andre mogelegheiter utandørs, men eg vart likevel sitjande der til det var på tide å finna seg ein stad å sova.
Med
erfaring frå turen frå Bergen, trudde eg at eg konkurrete med ei mengde andre dekks-passasjerar. Så feil kan ein ta. Eg var heilt
aleine i den heller store "lugaren". Eg kunne velgja mellom
10 sofaer og eitt flygel. Og toalett rett ved sida av. Heilt topp. Og
søvnen tok meg ganske raskt, til eg vakna opp i gryninga, med det
nydelegaste ljoset i den mest spektakulære naturen.
Klokka
05.15 hadde eg morgon-gymnastikk på dansegolvet i "lugaren",
etter deilig musikk på øyrene.
Om dei
opererer med overvakings-kamera ombord, fekk dei seg ein
danseforestilling ved ein middelaldrande, middelmådig dansar der på
morgonkvisten.
Surrealistisk. Morsomt.
Surrealistisk. Morsomt.
No er
det straka vegen til Bergen. Eg tenkte eg skulle sjå om eg ikkje
kunne finna meg ein stol på dekk til resten av turen.
Og der var jammen resten av passasjerane også.
Og der var jammen resten av passasjerane også.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar